Raulandsakademiet - Norsk senter for folkekultur

Raulandsakademiet ligg i fjellbygda Rauland i Vest-Telemark. Rauland er kjend for å halde fast på tradisjonane innan folkekultur. Raulandsakademiet A/S blei stifta i 1987. Tidlegare heitte staden Rauland Folkehøgskule og Akademi. Siktemålet til Raulandsakademiet er å drive eit undervisnings- og aktivitetssenter tufta på det beste i folkekulturen. I samarbeid med Rauland husflidslag og Studieforbundet -kultur og tradisjon blir det arrangert ulike kurs i husflid, handverk, kveding og ulike mattradisjonar. I tillegg er det mogleg for grupper og einskildpersonar å bu på staden. Skular, lag og organisasjonar, verksemder og privatpersonar som ynskjer overnatting og tilbod om servering kan bu på Raulandsakademiet. Her kan du arrangere skikurs, øvingshelg, møte eller seminar. Både sommar og vinter byr fjellet på fine naturopplevingar. Ein kan stå slalåm eller snobrett i eit av skianlegga, nytte tilbodet til Rauland Ridesenter eller vitje ei av kunstsamlingane i området.


Brikkevev, bunadsband frå Telemark

Me tilbyr kurs i brikkevev, bunadsband frå Telemark. På kurset vil du lære å lage brikkeband som blir bruka til folkedraktene I Aust-Telemark. Om du er nybyrjar startar du med eit barneband, dersom du har meir erfaring med brikkevev lagar du eit hårband i full lengde.

Sted Dato Varighet Pris
Vinje Vinje 09.10.2025 4 dager09.10.2025 5400 kr  

Brodere bunad, ullbroderi

Me tilbyr kurs i å brodere bunad, ullbroderi. Målsettinga er at du skal koma godt i gang med arbeidet ditt. Me startar med ein gjennomgang av arbeidet ditt, snakkar om korleis det er lurt å legge opp arbeidet, og lagar ein arbeidsplan.

Sted Dato Varighet Pris
Vinje Vinje 30.06.2025 7 dager30.06.2025 8500 kr  

Broderte blomar i ull og silke

Opplev gleda med å brodere! På dette kurset arbeidar vi med blomar i fritt broderi og med teknikkar du kjenner frå bunader. Med hjelp av plattsaum, sjattersaum og ulike grunnsaummer i kombinasjon med applikasjon lager vi nye motiv.

Sted Dato Varighet Pris
Vinje Vinje 09.10.2025 4 dager09.10.2025 5400 kr  

Bunadsband frå Telemark, grindvev/plukkeband NY

Me tilbyr kurs i grindband frå Telemark. Du lærer veving av plukkeband i grind med spalter. Typiske døme på plukkeband er band til Telemarksbunaden, her er botnveven i mercerisert bomull med mønstertrådar i ull. Vevmetoden gjev deg stor fridom når det gjeld mønster og motiv.

Sted Dato Varighet Pris
Vinje Vinje 09.10.2025 4 dager09.10.2025 5400 kr  

Møbeltapetsering

Vi tilbyr kurs i møbeltapetsering med individuell undervisning. Målsettinga med kurset er gi deltakerene innføring i møbeltapetsering, stoppe- trekke om egne stoler. Her kan du lære å trekke om dine egne møbler, enkle reparasjoner av stoppingen er også greit.

Sted Dato Varighet Pris
Vinje Vinje 7 dager 8300 kr  

Rosesaum, skjortebroderi frå Vest-Telemark

Vi tilbyr kurs om rosesaum, skjortebroderi frå Vest-Telemark. På kurset lærar du å brodere rosesaum på skjorteliner som er bruka til den rosesauma Vest-Telemarksbunaden. Det blir fellesundervising og individuelle rettleiing.

Sted Dato Varighet Pris
Vinje Vinje 4 dager 5400 kr  

Sylv, filigran -verkstad for vidarekomande

Me tilbyr kurs om sylv, filigran -verkstad for vidarekomande. Målsettinga er å gje den einskilde tryggleik til å bli meir sjølvstendig. Gjera ferdig arbeide som har blitt liggjande p.g.a av ulike årsakar, eller at du er usikker på kva som er beste løysing.

Sted Dato Varighet Pris
Vinje Vinje 23.06.2025 7 dager23.06.2025 8500 kr  

Sylv, nybyrjarkurs i filigran NY

Me tilbyr innføringskurs i filigran. Kurset er for nybyrjarar.

Sted Dato Varighet Pris
Vinje Vinje 07.07.2025 7 dager07.07.2025 8500 kr