Sylv/filigran kurs for vidarekomande



Sted: Raulandsakademiet
          Telemark, Vinje
Kursadresse: Akademiet 2, 3864 Rauland (kart)
Type:Åpent kurs / gruppeundervisning
Studie / yrkesutdanning
Undervisningstid: Info. møte 1. kursdag kl 15:15
Varighet: 7 dager
Pris: 8500
Neste kurs: 22.06.2026 | Vis alle kursdatoer

Me tilbyr kurs i sylvarbeid/filigranarbeid for vidarekomande. Målsettinga er å gje den einskilde tryggleik til å bli meir sjølvstendig. Gjera ferdig arbeid som har blitt liggjande av ulike årsakar, eller at du har trong for rettleiing i vegen vidare på ulike prosjekt i filigran.

Innhald:
Deltakarane kan arbeide med eigne prosjekt og få rettleiing. Om ein ynskjer ei ny oppgåve melder deltakar frå til kurslærar i god tid. Saman blir deltakar og lærar einige om ei oppgåve eller to, med mål om å bli ferdig. Dette er avhengig av kor mykje erfaring deltakaren har frå tidlegare. Arbeidsforma er litt felles undervisning og mykje individuell rettleiing. Dersom kursdeltakarar ynskjer praktisk intro/rettleiing på ulike teknikkar/verktøy/utstyr, må det meldast frå om god tid i førevegen. Delmål for kurset er stor delingskultur og å hjelpe kvarandre.

Lærar: Mona Ottesen. Epost: mona.ottesen(a)usn.no

Målgruppe for kurset:
Dette er eit vidarekomande kurs i filigran. Kurset passar for dei som har eit godt grunnlag og erfaring med sylvarbeid og filigran frå før, og kan dei grunnleggjande teknikkane.

Forkunnskaper:
Du må ha erfaring med filigran frå før. Filigran er sett saman av mange små detaljar, så det er viktig å sjå godt. Ta gjerne med briller eller lupe ved behov.

Kursmateriell:
Ta med eige verktøy/utstyr, egna arbeidstøy/lærforklé og eit handkle til bruk på verkstadbenken. Anna felles verktøy er tilgjengeleg på verkstaden, men meld frå om du har særskilte ynskjer/behov, så ser me kva me får til.

Me gjer merksam på:
Gjennom Studieforbundet kultur og tradisjon er dette kurset dekt av Kopinoravtalen, som tillet kopiering frå bøker og frå arrangør. Trykksaker til undervisningsføremål. Me reknar med at deltakar fylgjer tryggleiksinstruksar frå kursarrangør og kurslærar. Kursdeltakar er ikkje dekt av forsikring frå arrangør.

Avmeldingsinformasjon for kurs og opphald/matpakker:
Påmelding er bindande. Dersom du ikkje kan delta på kurset du har meldt deg på, er det viktig at du sender skriftleg avmelding til post(alfakrøll)raulandsakademiet.no, så snart du veit du ikkje kan delta.
Du betalar eit depositum à kr. 950.- ved påmelding til kurs. Angrefrist er 14 dagar med refusjon av depositumet. Etter dette vil ikkje depositumet bli attendebetalt ved avbestilling.
Avmelding til kurset 30 dagar eller mindre, før kursstart, må heile kursavgifta, og bestilt opphald med fullpensjon eller matpakker bli betalt. Det gjeld uansett grunn, også sjukdom.
Dersom Raulandsakademiet må avlyse eit kurs er ikkje dette gjeldande.

Generell informasjon:
Det er ikkje tillate med hund i kursvekene.
Eigne prisar for overnatting og matpakker når det er kurs.
Påmelding før 1.mars til sommarkurs gjev 10 % rabatt.
Påmelding før 1.juni til haustkurs gjev 10 % rabatt.
Ein kan melde på maks 3 deltakarar pr. påmelding