Raulandsakademiet - Norsk senter for folkekultur

Raulandsakademiet ligg i fjellbygda Rauland i Vest-Telemark. Rauland er kjend for å halde fast på tradisjonane innan folkekultur. Raulandsakademiet A/S blei stifta i 1987. Tidlegare heitte staden Rauland Folkehøgskule og Akademi. Siktemålet til Raulandsakademiet er å drive eit undervisnings- og aktivitetssenter tufta på det beste i folkekulturen. I samarbeid med Rauland husflidslag og Studieforbundet -kultur og tradisjon blir det arrangert ulike kurs i husflid, handverk, kveding og ulike mattradisjonar. I tillegg er det mogleg for grupper og einskildpersonar å bu på staden. Skular, lag og organisasjonar, verksemder og privatpersonar som ynskjer overnatting og tilbod om servering kan bu på Raulandsakademiet. Her kan du arrangere skikurs, øvingshelg, møte eller seminar. Både sommar og vinter byr fjellet på fine naturopplevingar. Ein kan stå slalåm eller snobrett i eit av skianlegga, nytte tilbodet til Rauland Ridesenter eller vitje ei av kunstsamlingane i området.


Sylv, filigran -verkstad for vidarekomande

Me tilbyr kurs om sylv, filigran -verkstad for vidarekomande. Målsettinga er å gje den einskilde tryggleik til å bli meir sjølvstendig. Gjera ferdig arbeide som har blitt liggjande p.g.a av ulike årsakar, eller at du er usikker på kva som er beste løysing.

Sted Dato Varighet Pris
Vinje Vinje 23.06.2025 7 dager23.06.2025 8500 kr  

Sylv, nybyrjarkurs i filigran NY

Me tilbyr innføringskurs i filigran. Kurset er for nybyrjarar.

Sted Dato Varighet Pris
Vinje Vinje 07.07.2025 7 dager07.07.2025 8500 kr