Dette er eit kurs for deg som vil lære deg grunnteknikkar i møbeltapetseringshandverket og renovering, eller for deg som har noko erfaring og forkunnskap som du ynskjer å vidareutvikle.
Kurshaldar: Brit-Olli Nordtømme
Har dei siste 10 åra hatt møbeltapetsering som ein altoppslukande hobby, parallelt med deltaking på kurs, fått undervisning og rettleiing av profesjonell møbeltapetserar. Brit-Olli har jobba sjølvstendig med ulike møbelprosjekt, og har vore kursinstruktør i møbeltapetsering både saman med møbeltapetserar og som sjølvstendig instruktør på helge- og sommarkurs.
Innhald:
Du tar med deg ditt eige møbel/møblar og jobbar med det/dei under ei intensiv kursveke. Det kan dreie seg om å jobbe med alt frå totalrenovering der alt må bli erstatta, og byggast opp att med knyting av nye spiralfjører, stopping og polstring til enklare renovering der delar av den opphavelege stoppen blir brukt på nytt. Dette gjeld også for nyare møblar frå 1960-talet som heilt eller delvis har skumplast som stoppemateriale, men prossessen blir enklare og annleis.
Ein grunnleggande tanke i møbeltapetsering er å vera tru mot det tidstypiske for det einskilde møblement.
Kurset vil i hovudsak vera individuell undervisning og rettleiing. Det er fordi kvart møbel er unikt, og det same gjeld tilstanden til møbelet. Det kan bli korte økter med gruppe -eller fellesundevisinng. Undervisninga blir justert løpande i forhold til det einskilde møbelet, den einskilde deltakar og gruppa i sin heilskap.
Forkunnskapar
- Det er ingen krav til forkunnskapar
-Du jobbar med ditt eige møbel ut frå dine eigne forutsetningar. Men, det er ei anbefaling at dersom du ikkje har erfaring med renovering eller omtrekking av møblar, så er det viktig å starte med eit møbel som ikkje er for komplekst. Kurshaldar kan gje rettleiing på førehand om kva for møbel som då kan vera ok å starte på.
Målgruppe for kurset:
Dette er eit kurs for deg som vil lære deg grunnteknikkar i møbeltapetseringshandverket og renovering, eller for deg som har noko erfaring og forkunnskap som du ynskjer å vidareutvikle.
Forkunnskaper:
• Ingen krav til forkunnskaper. Ha tett dialog med kurshaldar.
Kursmateriell:
Møbeltapetsering vil i noko grad krevje spesielle verktøy. Det vil lette og støtte ditt arbeid med både stripping av møbelet og oppbygginga etterpå. Det vil bli informert om naudsynte og ulike verktøy. Desse kan du kjøpe av kurshaldar på kurset.
• Skarp og spiss tøysaks (mellomstor eller stor)
• Målband
• Tommestokk/meterstokk
• Liten og stor hammar
• Yogamatte
• Det vil òg vera behov for luftkompressor, stiftespistol/klammepistol m/stifter og lang slange til samankopling av kompressor og pistol.
Om du som kursdeltakar ikkje har dette eller kjenner nokon du kan låne av, så kan kursinstruktør gje deg tips og råd om val av utstyr og kor du kan kjøpe det.
Dette utstyret MÅ du ta med til kurset.
TA KONTAKT MED KURSINSTRUKTØR DERSOM DETTE BLIR VANSKELEG Å TÅ TIL ELLER HAR ANDRE SPØRSMÅL.
All materiale kan du få kjøpt på kurset i forhold til det du treng til ditt møbel. Til eldre møbel vil det vera behov for spesielle materiale, t.d ulike typer strie, gjordeband, fjører, hampesnøre/tråd, ullvatt, lerret og dacronvatt. Til nyare møblar, der skumplast hovudsakleg er bruka som polstring, vil det vera trong for ulike tuper skumplast av god kvalitet og tjukkleik.
Avmeldingsinformasjon for kurs og opphald/matpakker:
Påmelding er bindande. Dersom du ikkje kan delta på kurset du har meldt deg på, er det viktig at du sender skriftleg avmelding til post(alfakrøll)raulandsakademiet.no, så snart du veit du ikkje kan delta.
Du betalar eit depositum à kr. 950.- ved påmelding til kurs. Angrefrist er 14 dagar med refusjon av depositumet. Etter dette vil ikkje depositumet bli attendebetalt ved avbestilling.
Avmelding til kurset 30 dagar eller mindre, før kursstart, må heile kursavgifta, og bestilt opphald med fullpensjon eller matpakker bli betalt. Det gjeld uansett grunn, også sjukdom.
Dersom Raulandsakademiet må avlyse eit kurs er ikkje dette gjeldande.
Generell informasjon:
Det er ikkje tillate med hund i kursvekene.
Eigne prisar for overnatting og matpakker når det er kurs.
Påmelding før 1.mars til sommarkurs gjev 10 % rabatt.
Påmelding før 1.juni til haustkurs gjev 10 % rabatt.
Ein kan bare melde på 3 deltakarar om gongen.