Bunadsband frå Telemark, grindvev/plukkeband NY



Sted: Raulandsakademiet
          Telemark, Vinje
Kursadresse: Akademiet 2, 3864 Rauland (kart)
Type:Åpent kurs / gruppeundervisning
Studie / yrkesutdanning
Undervisningstid: Innsjekking frå kl. 14.00
Varighet: 4 dager
Pris: 5400
Neste kurs: 09.10.2025 | Vis alle kursdatoer

Me tilbyr kurs i grindband frå Telemark. Du lærer veving av plukkeband i grind med spalter. Typiske døme på plukkeband er band til Telemarksbunaden, her er botnveven i mercerisert bomull med mønstertrådar i ull. Vevmetoden gjev deg stor fridom når det gjeld mønster og motiv.

Innhald:
Me vil også sjå på anna redskap til og veve band med. Du må ha med bandgrind, helst med spalter og helst grind med 9 spalter, ein trekniv til og plukke mønster med, eit bandvevfeste og belte til å feste bandvevfeste rundt livet. Lærar har med vevmønster og garn, og kan låne ut noko vevutstyr. Kostnader ca 350 kr.

Dagsplan:
• Historikk omkring bandveving
• Syne og få innføring i ymse plukketeknikkar
• Få innblikk i ymse reiskap til bandveving

Lærar: Aud Johannessen er vevlærer, ho har produsert for salg og har kurs for Grenland Husflidslag. Epost: aud.johannessen(a)outlook.com

Målgruppe for kurset:
Kurset passar for alle

Forkunnskaper:
• Ingen krav til forkunnskapar

Kursmateriell:
Du må ha med:
• Skrivesaker, rutebok / rutepapir, måleband og saks
• Bandgrind, helst grind med 9 spalter
• Bandvevfeste
• Bandvevbelte

Dette kan du låne av Aud:
Ein trekniv til og plukke mønster med. Er lett å lage sjølv elles kan du låne av Aud. Eit bandvevfeste og belte til å feste bandvevfeste rundt livet.

Dette får du kjøpt på kurset - IKKJE INKLUDERT I KURSPRISEN:
• Bandvevfeste og belte kan du få kjøpt på Raulandsakademiet
• Pris: bandvevfeste kr 150,- bandvevbelte kr 250.-
• Bandgrind med 9 spalter kr 500.- får du kjøpt på Raulandsakademiet
• Lærar har med vevmønster og garn
• Kostnader ca.kr. 450.-

Vi gjer merksam på:
Gjennom Studieforbundet kultur og tradisjon er dette kurset dekt av Kopinoravtala, som tillet kopiering frå bøker og trykksaker til undervisningsføremål. Me reknar med at deltakar følgjer sikkerhetsinstruksar frå kursarrangør og kurslærar. Kursdeltakar er ikkje dekt av forsikring frå arrangør.

Avmeldingsinformasjon:
Påmeldinga er bindande. Dersom du ikkje kan møte på eit kurs du har meldt deg på, er det viktig at du melder frå skriftleg (e-post eller brev) så fort som mogeleg.

Ein betalar eit depositum på kr 950 ved påmelding av eit kurs. Innbetalt depositum blir ikkje refundert fram til fire veker (28 dagar) før kursstart. Ved avmelding seinare enn 28 dagar før kursstart må heile kursavgifta betalast. Dette gjeld også om det er sjukdom eller andre årsaker.

Ein kan bytte kurs innanfor sama år, men kan ikkje skuve påmeldinga til neste år.