Norsk Landbruksrådgiving Vest SA

Vi formidlar fagkunnskap til beste for eit landbruk i utvikling. Vi er uavhengige og framtidsretta og byggjer rådgivinga vår på høg fagleg kompetanse og lokal kunnskap. Organisasjonen er bondeeigd og bondestyrt med årsmøtet som øvste organ. NLR Vest er del av NLR nasjonalt, som er ei landsdekkande rådgjevarteneste.

NLR Vest er ei samanslutning av Norsk Landbruksrådgiving Sunnmøre, Norsk Landbruksrådgiving Sogn og Fjordane, Norsk Landbruksrådgiving Hordaland og Norsk Fruktrådgiving Hardanger. Vi er 35 tilsette som tilbyr rådgjeving til landbruket frå Sunnmøre i nord til Haugalandet i sør. Vi er eigd av 4000 bønder. Norsk Landbruksrådgiving Vest har rådgjevarar med spisskompetanse på dyrking av gras, frukt, bær, potet og grønsaker, i tillegg fleire spesialrådgjevarar innan fagområda byggteknikk, økonomi, helse, miljø og sikkerheit.


Autorisasjon for kjøp og bruk av plantevernmiddel

For å kunne bruke plantevernmiddel i produksjonen på garden, eller på ein annan arbeidsplass, må du ha autorisasjon for kjøp og bruk av plantevernmiddel. NLR Vest arrangerer obligatoriske kurs årleg i januar og februar.

Sted Dato Varighet Pris
Nettkurs / nettstudie Nettkurs / nettstudie 11 timer fra 2.350 kr  

Bruk av overskotsmassar til jordbruksføremål

Kurset er fagleg retta, og målgruppa er først og fremst bønder og entreprenørar. Kommunale sakshandsamarar vil og dra nytte av fagkunnskap for å kunne vurdere søknader og prosjekt.

Sted Dato Varighet Pris
Gloppen Gloppen fra 2.350 kr  

Fyrstehjelpskurs - tilpassa landbruket

Kurset er etter mal frå Norsk Førstehjelpsråd, og legg vekt på dei grunnleggande fyrstehjelpsprinsippa. Kurset er retta spesielt inn mot landbruket

Sted Dato Varighet Pris
Gloppen Gloppen På forespørsel kr  

Inn på tunet-kurs

«Inn På Tunet» er eit verna varemerke og kan kun brukast av godkjende gardar. Inn på tunet (IPT) er tilrettelagde og kvalitetssikra tenester på gardsbruk, retta mot menneske med ulike behov. IPT-aktivitetane skal vere knytte til livet og arbeidet på garden.

Sted Dato Varighet Pris
Nettkurs / nettstudie Nettkurs / nettstudie fra 2.500 kr  

Kurs i strategisk nærings-og produksjonsutvikling (SNOP)

Skal du starte med noko nytt, utvide eksisterande produksjon, eller berre treng hjelp til å auke lønsemda i det du driv med på garden? Vi hjelper deg gjennom utviklingsprosessen!

Sted Dato Varighet Pris
Nettkurs / nettstudie Nettkurs / nettstudie 4 dager fra 3.900 kr  

Sertifiseringskurs i brannsikring ved varme arbeid

Vi tilbyr sertifiseringskurs i brannsikring ved varme arbeid. Brann kan fort oppstå ved utføring av varme arbeid. Den som utfører slikt arbeid, skal ha innsikt i brannrisiko, og utføre arbeidet på ein slik måte at brann ikkje oppstår.

Sted Dato Varighet Pris
Hordaland Hordaland 1 dag fra 1.700 kr  
Stord Stord 1 dag fra 1.700 kr  

Trygt landbruk - internettkurs via Teams

Trygt landbruk er eit oppfriskingskurs i HMS for landbruksnæringa og er tilbydd som e-læring. Kurset er eigna for dei som allereie kan dokumentere kravet til HMS-opplæring i Arbeidsmiljølova §3-5. Kurset er berekna til 6 timar, har valfri ettertest og du får kursbevis.

Sted Dato Varighet Pris
Nettkurs / nettstudie Nettkurs / nettstudie fra 800 kr  

Ugras og ugrasbekjemping - internettkurs

NLR Vest sitt nettkurs om utvalde ugras og bekjemping av desse. Høymole, hundekjeks, lyssiv, krypsoleie, vassarve og linbendel.

Sted Dato Varighet Pris
Nettkurs / nettstudie Nettkurs / nettstudie 40 minutter 350 kr