Trygt landbruk er eit oppfriskingskurs i HMS for landbruksnæringa og er tilbydd som e-læring.
Kurset er eigna for dei som allereie kan dokumentere kravet til HMS-opplæring i Arbeidsmiljølova §3-5. Kurset er berekna til 6 timar, har valfri ettertest og du får kursbevis.
Kurset HMS i landbruket (link) tilfredsstiller kravet i Arbeidsmiljølova og KSL.
Målet med kurset er påfyll av kunnskap og motivasjon for deg som bonde og arbeidsleiar.
HMS-arbeid handlar om å førebygge og avdekke risiko, samt hindre alvorlege konsekvensar. Alle i verksemda må delta aktivt og involverast i dette arbeidet. Leiaren har ansvaret for at verksemda utfører internkontroll. At nokon følger opp, også når noko går gale, er kvalitetsarbeid i praksis. HMS-arbeid skal sikre godt arbeidsmiljø, auke sikkerheita i arbeidet, førebygge helseskadar og verne miljøet mot forureining.
Gjennom e-læringa får du også eit verktøy for å lage din eigen beredskapsplakat tilpassa din gard.
Kurset omhandlar viktige tema i landbruket som:
-Motivasjon
-Lovverk
-Vernerunde
-Traktor og maskin
-Brann og elektrisk
-Risikovurdering
-Husdyr
-Dokumentasjon
-Arbeidsgivaransvar
-Helse og velferd
-Beredskap
-Andre næringar knytt til garden