Inn på tunet-kurs



Sted: Nettkurs / Nettstudie
Hele landet
Type:Åpent kurs / gruppeundervisning
Nettkurs og nettstudie
Undervisningstid: Ta kontakt
Pris: fra 2.500

«Inn På Tunet» er eit verna varemerke og kan kun brukast av godkjende gardar. Inn på tunet (IPT) er tilrettelagde og kvalitetssikra tenester på gardsbruk, retta mot menneske med ulike behov. IPT-aktivitetane skal vere knytte til livet og arbeidet på garden.

Vil du bli godkjend Inn på tunet-tilbydar?

Inn på tunet (IPT) er tilrettelagde og kvalitetssikra tenester på gardsbruk, retta mot menneske med ulike behov. IPT-aktivitetane skal vere knytte til livet og arbeidet på garden.

Kurset «Inn på tunet- kvalitet og trygghet» gir deg innføring i Stiftelsen Norsk Mat sitt kvalitetssystem og godkjenningsordning for IPT. Du arbeider med eige tilbod gjennom kurset, og får auka forståing om korleis du skal arbeide vedvarande og systematisk med kvalitet og tryggleik i IPT, både for deg sjølv og brukarane. Kurset høver både for deg som er etablert IPT-tilbydar og deg som er i startfasen.

• Kurset dekkar krav i AML §3.5 om dokumentert HMS-kunnskap for IPT-verksemda.

• Kurslærar er tilgjengeleg for individuell rettleiing gjennom heile kurset.

INNHALD:
• Opplæring og innføring i Norsk Mat/KSL sitt kvalitetssystem for Inn på tunet.
• Systematisk gjennomgang av sjekkliste for IPT.
• Om aktuelle krav og lovverk for IPT
• Grunnleggande og relevant om HMS-arbeid for IPT.
• Konkret jobbing med mål, innhald, risikovurdering og beredskap i eige tilbod.
• Erfaringsutveksling og diskusjonar.
• Tips om avtaler, marknadsføring og stønadsordningar.
· Tips om budsjett og prising.

MÅL:
• Få god kjennskap til alle delane i kvalitetssystemet for Inn på tunet.
• Etablere eige system, gjennomføre eigenrevisjon, handtere avvik, risikovurdere og utarbeide tiltaksplan på bakgrunn av IPT krav frå KSL.
• Sikre for tilbydar, brukar og kjøpar, at kvalitet og tryggleik på garden er ivaretatt på best mogleg måte i tilbodet.
• Få god forståing av etiske og moralske utfordringar ved eige tilbod.
• Vere klar til revisjon og søknad om godkjenning IPT/KSL etter kurset.

Pris: 4000,- medlem i NLR kr 2500,-