Skal du starte med noko nytt, utvide eksisterande produksjon, eller berre treng hjelp til å auke lønsemda i det du driv med på garden? Vi hjelper deg gjennom utviklingsprosessen!
Med ein blanding av videoføredrag, nettbaserte kurs med lærar og personleg oppfølging, hjelper vi deg å lage ein komplett forretningsplan.
Anten du skal overta gard, ynskjer å utvide eksisterande drift, starte ny næring innanfor tradisjonelt landbruk eller ei attåtnæring på garden, eller berre ønskjer å betre lønsemda i drifta, hjelper vi deg med å utvikle ein komplett forretningsplan.
Forretningsplanen er eit dokument som fortel andre kva idear du har og korleis du har tenkt å realisere dei. Det er og eit styringsdokument som hjelper deg å halde stø kurs mot målet.
Ein forretningsplan styrkjer dine moglegheiter når du skal:
-Søkje byggjeløyve
-Få lån til investeringar
-Søkje tilskot
-Oppnå suksess
Innhald i kurset:
Del 1: Ressursanalyse (video)
Del 2: Visjon og forretningside (video)
Del 3: Forretningsmodell (webinar/Teams)
Business model canvas
Vegen frå nosituasjon til ønskt situasjon
Del 4: Målsetjing (video)
Del 5: Handlingsplanar (video)
Del 6: Økonomi og budsjett (Webinar/Teams)
Grunnleggjande føretaksøkonomi
Praktisk budsjettarbeid