Raulandsakademiet - Norsk senter for folkekultur

Raulandsakademiet ligg i fjellbygda Rauland i Vest-Telemark. Rauland er kjend for å halde fast på tradisjonane innan folkekultur. Raulandsakademiet A/S blei stifta i 1987. Tidlegare heitte staden Rauland Folkehøgskule og Akademi. Siktemålet til Raulandsakademiet er å drive eit undervisnings- og aktivitetssenter tufta på det beste i folkekulturen. I samarbeid med Rauland husflidslag og Studieforbundet -kultur og tradisjon blir det arrangert ulike kurs i husflid, handverk, kveding og ulike mattradisjonar. I tillegg er det mogleg for grupper og einskildpersonar å bu på staden. Skular, lag og organisasjonar, verksemder og privatpersonar som ynskjer overnatting og tilbod om servering kan bu på Raulandsakademiet. Her kan du arrangere skikurs, øvingshelg, møte eller seminar. Både sommar og vinter byr fjellet på fine naturopplevingar. Ein kan stå slalåm eller snobrett i eit av skianlegga, nytte tilbodet til Rauland Ridesenter eller vitje ei av kunstsamlingane i området.


 |  1 2   |  Neste side >>

Brikkevev, bunadsband frå Telemark

Me tilbyr kurs i brikkevev, bunadsband frå Telemark. På kurset vil du lære å lage brikkeband som blir bruka til folkedraktene I Aust-Telemark. Om du er nybyrjar startar du med eit barneband, dersom du har meir erfaring med brikkevev lagar du eit hårband i full lengde.

Sted Dato Varighet Pris
Vinje Vinje 06.07.2026 6 dager06.07.2026 8500 kr  

Brodering av bunad

Me tilbyr kurs i bunadbrodering. Den norske bunaden er no inne på Unesco si liste over immateriell kulturarv og mange har eit yskje om å lage bunad til seg sjølv eller eit familiemedlem.

Sted Dato Varighet Pris
Vinje Vinje 22.06.2026 7 dager22.06.2026 8500 kr  

Karveskurd

Velkommen til karveskurd kurs! Karveskurd er ein enkel form for treskjering, òg kalla bondekunst. Årsaken til karveskurden si store utbreiing er fyrst og fremst at ein ikkje krev avansert verktøy. Ein treng bare kniv og teiknesaker.

Sted Dato Varighet Pris
Vinje Vinje 23.07.2026 4 dager23.07.2026 5400 kr  

Kurs i grindvev

Me tilbyr kurs i grindband frå Telemark. Du lærer veving av plukkeband i grind med spalter. Typiske døme på plukkeband er band til Telemarksbunaden, her er botnveven i mercerisert bomull med mønstertrådar i ull. Vevmetoden gjev deg stor fridom når det gjeld mønster og motiv.

Sted Dato Varighet Pris
Vinje Vinje 4 dager 5400 kr  

Møbeltapetsering

Dette er eit kurs for deg som vil lære deg grunnteknikkar i møbeltapetseringshandverket og renovering, eller for deg som har noko erfaring og forkunnskap som du ynskjer å vidareutvikle.

Sted Dato Varighet Pris
Vinje Vinje 22.06.2026 7 dager22.06.2026 8500 kr  

Rosesaum, skjortebroderi frå Vest-Telemark

Me tilbyr kurs i rosesaum, skjortebroderi frå Vest-Telemark. På kurset lærer du å brodere rosesaum på skjorteliner som er bruka til Vest-Telemarksbunaden. Det blir fellesundervising og individuelle rettleiing.

Sted Dato Varighet Pris
Vinje Vinje 4 dager 5400 kr  

Sylv/filigran kurs for vidarekomande

Me tilbyr kurs i sylvarbeid/filigranarbeid for vidarekomande. Målsettinga er å gje den einskilde tryggleik til å bli meir sjølvstendig. Gjera ferdig arbeid som har blitt liggjande av ulike årsakar, eller at du er usikker på kva du må gjera vidare.

Sted Dato Varighet Pris
Vinje Vinje 13.07.2026 7 dager13.07.2026 8500 kr  

Sylv/filigran kurs for vidarekomande

Me tilbyr kurs i sylvarbeid/filigranarbeid for vidarekomande. Målsettinga er å gje den einskilde tryggleik til å bli meir sjølvstendig. Gjera ferdig arbeid som har blitt liggjande av ulike årsakar, eller at du har trong for rettleiing i vegen vidare på ulike prosjekt i filigran.

Sted Dato Varighet Pris
Vinje Vinje 22.06.2026 7 dager22.06.2026 8500 kr  
 |  1 2   |  Neste side >>