Ulstein kulturskule

Ulstein kulturskule vart skipa i 1975 og er ein svært viktig del av born og unge sitt musikk- og oppveksttilbod. Kulturskulane har endra seg dei siste åra, og vi har tilbod innan dans/ballett og kreativ verkstad i tillegg til den tradisjonelle musikkopplæringa. Dersom det melder seg nok elevar, vert undervisninga lagt til elevane sin eigen skulekrins.


Trekkspel

Kulturskulen tilbyr undervisning i Trekkspel. Trekkspel er eit anvendeleg instrument og kan brukast til alt frå klassisk musikk til pop, jazz og gammeldans/folkemusikk. Instrumenta er laga i ulike størrelsar og med ulike system. Det finst knappar, tangentar, melodibass og standardbass.

Sted Dato Varighet Pris
Aukra Aukra 1.700 kr