Norsk Landbruksrådgiving Vest SA

Vi formidlar fagkunnskap til beste for eit landbruk i utvikling. Vi er uavhengige og framtidsretta og byggjer rådgivinga vår på høg fagleg kompetanse og lokal kunnskap. Organisasjonen er bondeeigd og bondestyrt med årsmøtet som øvste organ. NLR Vest er del av NLR nasjonalt, som er ei landsdekkande rådgjevarteneste.

NLR Vest er ei samanslutning av Norsk Landbruksrådgiving Sunnmøre, Norsk Landbruksrådgiving Sogn og Fjordane, Norsk Landbruksrådgiving Hordaland og Norsk Fruktrådgiving Hardanger. Vi er 35 tilsette som tilbyr rådgjeving til landbruket frå Sunnmøre i nord til Haugalandet i sør. Vi er eigd av 4000 bønder. Norsk Landbruksrådgiving Vest har rådgjevarar med spisskompetanse på dyrking av gras, frukt, bær, potet og grønsaker, i tillegg fleire spesialrådgjevarar innan fagområda byggteknikk, økonomi, helse, miljø og sikkerheit.


Inn på tunet-kurs

«Inn På Tunet» er eit verna varemerke og kan kun brukast av godkjende gardar. Inn på tunet (IPT) er tilrettelagde og kvalitetssikra tenester på gardsbruk, retta mot menneske med ulike behov. IPT-aktivitetane skal vere knytte til livet og arbeidet på garden.

Sted Dato Varighet Pris
Nettkurs / nettstudie Nettkurs / nettstudie fra 2.500 kr