Ta kontakt for mer informasjon.
Hvordan var din opplevelse av dette kurset? Velg en stjernerangering mellom 1-5.
Skriv litt om din opplevelse under.
Bygdeyoga er eit lavterskel yogatilbod i Ulstein kommune. Tilbodet er tilgjengeleg både på Reitensalen i Ulsteinvik og på Dimna Grendahus. Linn Urke Osnes frå Skeide i Ulsteinvik, er drivar og yogalærar i Bygdeyoga. Ho er utdanna yogalærar frå Yogaworks, og underviser Hatha yoga (fysisk yoga). Linn har bakgrunn som dansar og dansepedagog og er sertifisert instruktør i Mindfulness. Linn er inspirert frå mange ulike yogatradisjonar og stilar, men yogaen på Bygdeyoga er jordnær og lett tilgjengeleg for dei fleste. Når du kjem på ein yogatime i regi av Bygdeyoga skal du kjenne deg velkomen, komfortabel og inspirert til å ta fatt på din eigen yogapraksis. Bygdeyoga tilbyr i hovudsak fire ulike tilbod: - Mjuk flyt - Energiflyt - Sterk flyt - Nybyrjarkurs Linn er opptatt av å tilrettelegge for ulike kroppar, forutsetningar og nivå, og at yogatimane skal vere trygge men samtidig inspirerande og utfordrande. Timane er sjeldan like, men nokre Asana (øvingar) er gjengangarar i kvar time. Yo