Vi tilbyr YSK etterutdanning gods 35 timer. Har du førarkort med kode 95 eller eige YSK-bevis må du gjennomføre etterutdanning innan utløpsdatoen for å oppretthalde samanhengande yrkessjåførkompetanse. Yrkessjåførkompetansen (YSK) er gyldig i 5 år.
Kurset er satt opp slik:
Utdanninga består av 6 modular og det er krav om 100% oppmøte for å få godkjent kurs. Til saman 5 dagar på skulen. Vi har satt saman eit godt team av både interne og eksterne forelesarar, instruktørar og trafikklærarar.
Modul 1:
• Vegtransporten og samfunnet
• Forelesing og erfaringsutveksling
Modul 2:
• Yrkessjåførens sikkerheit, helse og arbeidsmiljø
• Forelesing og kurs i ulykkesberedskap. Førstehjelp og brannøving
Modul 3:
• Køyretøyteknikk og optimal bruk av tunge køyretøy
• Teori og praktiske øvingar utandørs
Modul G4:
• Godstransportens vilkår
• Forelesing og erfaringsutveksling, gruppearbeid
Modul G5:
• Godstransport i praksis
• Gruppeoppgåver, nyttelastberegning og lastsikringskurs
Modul 6:
• Sikker atferd på vegen
• Praktisk køyring. Optimal utnytting av køyretøyet i fokus
Annet:
Vi held etterutdanningskurs for gods, med muligheit for ein påbyggingsdag for persontransport. Er du usikker på når du må gjennomføre etterutdanningskurs? Kontakt oss, eller Statens Vegvesen for å sjekke når fristen går ut.
Målgruppe for kurset:
Alle som ønsker YSK etterutdanning gods 35 timer
Forkunnskaper:
• For å kunne delta på etterutdanning må du ha gyldig førarrett i klasse C1, C1E, C eller CE og ha yrkessjåførkompetanse som kan fornyast.
Eksamen/sertifisering:
Når etterutdanninga er gjennomført må du vende deg til ein trafikkstasjon for å fornye yrkessjåførkompetansen. Vi anbefalar at du tar med deg helseattest så du kan fornye førarkortet samtidig. Det er ingen prøve etter endt kurs.