Sikkerheitssenteret i Måløy tilbyr oppdateringskurs for maskinoffiserar som kan dokumentere fartstid. Kurset er godkjent og i samsvar med STCW med 2010 Manila-tillegg.
Kurset dekkjer dei krava som er satt i STCW med 2010 Manilla-tillegg, tabell A-VI/2-1, A-VI/3, og A-VI/4-1.
Innhald:
Kurset består av ein e-læringsdel og 1 dagar på kurssenteret. E-læringa må være gjennomført før oppmøte på kurssenteret.
Repetisjonskrav: Kvart 5. år
InnhaldI
STCW Tabell A-VI/2-1 Redningsfarkostar
STCW Tabell A-VI/3 Brannleiing
STCW Tabell A-VI/4-1 Medisinsk førstehjelp
Målgruppe for kurset:
For skipsoffiserar, maskin.
Krav:
Kursdeltakar skal ha gjennomført og bestått opplæring i samsvar med STCW koden sine tabellar for grunnleggande sikkerheitsopplæring A-VI/1-1, 1-2, 1-3, 1-4 og vidaregåande sikkerheitsopplæring tabellar A-VI/2-1, A-VI/3 og A-VI/4-1.
STCW Grunnleggande Sikkerheitsopplæring
STCW Vidaregåande Sikkerheitsopplæring
Tidlegare gjennomført sikkerheitskurs skal ikkje vere eldre enn 5 år. Dersom kurset/sertifikatet er utgått, må du kunne dokumentere 12 månaders fartstid med gyldig kurs eller sertifikat for offiserar.