Me tilbyr kurs om veving med frie mønster, historiske teknikkar. Målet er å lære og veve fri mønstring på enkle renninger. På dette kurset får du lære korleis me enkelt kan bruke eldre tids mønsterbindingar. Taquete, Samitum,damask og Jin / kinesiske renningsvevar, Beidervand, Diasper, Kuvikas.
Innhald:
Av og til kan slike omgrep virke avskrekkande, men det som er felles for dei alle, er at dei vert vevne på få skaft og at mønsteret vert veve direkte i veven. Då kan mønsteret like gjerne være eit bilete eller ei tekning. Bindingane har ulike rennings- og innslagssystem, det vil sei at bindingane og kan reknas som dobbeltbindingar.
Kursleiar har med ferdige renningar og innslagsgarn. Deltakarane sett opp vevane, og vev seg prøver på alle oppsetta. Du får eit kurshefte med oppskrifter på alle bindingane som blir sett opp. Kurset inneheld også ein liten historisk del, og teori og gjennomgang av alle oppskriftene. Ta kontakt med Åse dersom du har spørsmål om kurset.
Kursleder: Åse Eriksen
Målgruppe for kurset:
Alle som ynskjer kurs om veving med frie mønster, historiske teknikker
Forkunnskaper:
• Det er ein fordel å ha vove før
Kursmateriell:
• Åse har med ferdige renningar som deltakerne sett opp
• Materialkostnad ca kr 500.- inkludert kurshefte
Ta med:
• saks
• Måleband
• Skeikrok, hovelkrok, skyttel dersom du har
• Skrivesaker
• Hugs å merke privat utstyr med namn
Vi gjer merksam på:
Gjennom Studieforbundet kultur og tradisjon er dette kurset dekt av Kopinoravtala, som tillet kopiering frå bøker og frå trykksaker til undervisningsføremål. Me reknar med at deltakar fylgjer sikkerhetsinstruksar frå kursarrangør og kurslærar. Kursdeltakar er ikkje dekt av forsikring frå arrangør.
Avmeldingsinformasjon for kurs og opphald/matpakker:
Påmelding er bindande. Dersom du ikkje kan delta på kurset du har meldt deg på, er det viktig at du sender skriftleg avmelding til post(alfakrøll)raulandsakademiet.no, så snart du veit du ikkje kan delta.
Du betalar eit depositum à kr. 950.- ved påmelding til kurs. Angrefrist er 14 dagar med refusjon av depositumet. Etter dette vil ikkje depositumet bli attendebetalt ved avbestilling.
Avmelding til kurset 30 dagar eller mindre, før kursstart, må heile kursavgifta, og bestilt opphald med fullpensjon eller matpakker bli betalt. Det gjeld uansett grunn, også sjukdom.
Dersom Raulandsakademiet må avlyse eit kurs er ikkje dette gjeldande.
Generell informasjon:
Det er ikkje tillate med hund i kursvekene.
Eigne prisar for overnatting og matpakker når det er kurs.
Påmelding før 1.mars til sommarkurs gjev 10 % rabatt.
Påmelding før 1.juni til haustkurs gjev 10 % rabatt.