Me tilbyr kurs i veving for nybyrjarar. Lær å veve og sette opp eigen renning i veven. På kurset får du prøve å veve toskaft, kypert og vaffelbinding i ulike garnkvalitetar. Kvar kursdeltakar får også prøve å renne, påsveiping, hovling, tre i vevskei, nedknyting.
Innhald:
I løpet av kurset skal kursdeltakar få eit innblikk i grunnleggande teknikkar i handveving, få kunnskap om vevstolen, om vevutstyr som trengs og korleis ein set opp ein vev. Kursdeltakar vil få ei innføring i grunnprinsippa i bindingslære og me brukar vevprogrammet WeavPoint til bindingslæra. Vidare vert det litt om ulike garnkvalitetar og kva desse høver til. Alle kursdeltakarane får høve til å veve handkle, veske, nålepute og, om det blir tid, eit skjerf.
Program:
Måndag:
• Kort intro om kva veving er og kva for moglegheiter det er i veven
• Bli kjend på verkstaden
Tysdag - fredag:
• Veving
• Oppsetting av vev
• Renning
• Sveiping
• Hovling
• Framknyting, nedknyting, m.m.
• Enkel bindingslære og korleis ein kan lese vevoppskrifter og rekne ut materialforbruk
• Inspirasjon til nyskaping
Laurdag og sundag:
• Avslutte veven
• Ferdigstille og klargjere til miniutstilling
• Oppsummering og evaluering og sjå på moglegheitene og kva som må til for å veve der du bur.
Lærar:
William Riedlinger
Målgruppe for kurset:
Alle som ynskjer å lære og veva kan søke kurset
Forkunnskaper:
• Ingen krav til forkunnskaper
Kursmateriell:
Alle deltakarane får tilgang til vevstolar og alt naudsynt veveutstyr. Ta med skrivesaker og papir, gjerne ruteblokk, fargeblyantar, saks, måleband., tjukke sokkar pg kopp. Hugs å merke privat utstyr med namn.
Tilrådd litteratur:
• Solveig Orstad Teigen: veving eller Laila Lundell: Den store vevboken
• Om du har andre bøker om veving, ta med det du har. Hugs å merke private bøker med namn.
• Materialkostnader: ca 400 - 600 kr
Vi gjer merksam på:
Gjennom Studieforbundet kultur og tradisjon er dette kurset dekt av Kopinoravtalen, som tillet kopiering frå bøker og trykksaker til undervisningsføremål. Vi reknar med at deltakar følgjer sikkerhetsinstruksar frå kursarrangør og kurslærar. Kursdeltakar er ikkje dekt av forsikring frå arrangør.
Avmeldingsinformasjon:
Det er godkjenningsbetingelsane ved betaling av depositum. Påmeldinga er bindande. Dersom du ikkje kan møte på eit kurs du har meldt deg på, er det viktig at du melder frå skriftleg (e-post eller brev) så fort som mogeleg.
Ein betalar eit depositum på kr 950 ved påmelding av eit kurs. Innbetalt depositum blir ikkje refundert fram til fire veker (28 dagar) før kursstart. Ved avmelding seinare enn 28 dagar før kursstart må heile kursavgifta betalast. Dette gjeld også om det er sjukdom eller andre årsaker.
Ein kan bytte kurs innanfor sama år, men kan ikkje skuve påmeldinga til neste år.