Veving - for nybyrjerar



Sted: Telemark, Vinje
Telemark
Kursadresse: Akademiet 2, 3864 Rauland (kart)
Type:Åpent kurs / gruppeundervisning
Studie / yrkesutdanning
Varighet: 7 dag
Pris: 7800

Vi tilbyr kurs i veving for nybyrjarar. Lær å veve og å sette opp eigen renning i veven. På kurset får du prøve å veve toskaft, kypert og vaffelbinding i ulike garnkvalitetar. Kvar kursdeltakar får også prøve å renne, påsveiping, hovling, tre i vevskei, nedknyting.

Innhald:
I løpet av kurset skal kursdeltakar få eit innblikk i grunnleggande teknikkar i handveving, få kunnskap om vevstolen, om vevutstyr som trengs og korleis ein set opp ein vev. Kursdeltakar vil få ei innføring i grunnprinsippa i bindingslære. Vidare vert det noko om ulike garnkvalitetar og kva desse høver godt til. Alle kursdeltakarane får høve til å veve handkle, veske, nålepute og kan hende eit skjerf.

Program:
Måndag:
• Kort intro om kva veving er og kva for moglegheiter det er i veven
• Bli kjend på verkstaden

Tysdag - fredag:
• Veving
• Oppsetting av vev
• Renning
• Sveiping
• Hovling
• Framknyting, nedknyting, m.m.
• Enkel bindingslære og korleis ein kan lese vevoppskrifter og rekne ut materialforbruk
• Inspirasjon til nyskaping

Laurdag og sundag:
• Avslutte veven
• Ferdigstille og klargjere til miniutstilling
• Oppsummering og evaluering og sjå på moglegheitene og kva som må til for å veve der du bur.

Lærar:
I veke 28, 8. – 14. juli, Ann Mari Jore (annmarijore(a)gmail.com, tlf 47273449).
Assistert av Eli Wendelbo (eli.wendelbo(a)gmail.com) og Anne Margit Barstad (anne.m.barstad(a)hotmail.com)

I veke 31 (29. juli til 04. august), Rita Vistad (r.vistad(a)online.no, tlf 99731559)

Målgruppe for kurset:
Alle som ynskjer å lære å veve kan søke kurset. Om du er heilt nybyrjar eller har vevd før så vil du ha nytte av kurset.

Forkunnskaper:
• Ingen krav til forkunnskaper

Verkstad og kursmateriell:
Vevverkstaden er på Dyre Vaa huset. Verkstaden ligg ca 500 meter frå Raulandsakademiet. Verkstaden har ca 25 vevstolar og er særs bra utstyrt med alt som høyrer til. Vevverkstaden blir vår og haust nytta av Studieforbundet kultur og tradisjon som har modulbasert vevutdanning på staden.
Vevopplæringa | Studieforbundet (kulturogtradisjon.no)

Alle deltakarane får tilgang til vevstolar og alt naudsynt veveutstyr. Ta med skrivesaker og papir, gjerne ruteblokk. Fargeblyantar. Saks. Målband. Tykke sokkar, kopp. Husk å merke privat utstyr med namn.

Tilrådd litteratur:
• Solveig Orstad Teigen: veving eller Laila Lundell: Den store vevboken
• Om du har andre bøker om veving, tar du med det du har. Husk å merke private bøkar med namn.

• Materialkostnader: ca 400 - 600 kr

Vi gjer merksam på:
Gjennom Studieforbundet kultur og tradisjon er dette kurset dekka av Kopinoravtalen, som tillet kopiering frå bøker og trykksaker til undervisningsføremål. Vi reknar med at deltakar følgjer sikkerhetsinstruksar frå kursarrangør og kurslærar. Kursdeltakar er ikkje dekka av forsikring frå arrangør.

Vis flere tilsvarende kurs: