Dette er linja for deg som vil ha hund som yrke. Gjennom praksis med ulike hundar vil du lære å trene, fôre og stelle hund og utvikle ein tenestehund. Du startar ei ekte bedrift på skulen og lærer korleis du skal drive ein hundeskule og rettleie hundeeigarar.
Vi trur på å lære gjennom å arbeide praktisk! Gjennom fleire veker med utplassering får du prøve deg i yrker med hund i Norge eller utlandet. Heile klassen reiser òg ei veke på studietur
Hundefag er eit populært fag på Stend - dette er linja for deg som vil ha hund som yrke! Gjennom praksis med ulike hundar vil du lære å trene, fôre og stelle hund og utvikle tenestehundar. Vi trur på å lære gjennom å arbeide praktisk! Du startar difor ei ekte bedrift på skulen og lærer korleis du kan drive ein hundeskule og rettleie hundeeigarar. Gjennom fleire veker med utplassering får du prøve deg i yrker med hund i Norge eller utlandet. Heile klassen reiser dessutan ei veke på studietur.
Vg2 Hundefag er designa for deg som har ambisjonar om å spesialisere deg på hund, trening, åtferd og kommunikasjon. Studiet siktar særskilt mot arbeid med hund i nytte og teneste og trening av dyr. Utdanninga gir deg breie kunnskapar og ferdigheiter som kvalifiserer deg til å arbeide innan hundeskule, tenestehund, pensjonat, hundeturisme eller dyreklinikkar, dyrebutikkar og dyreparkar.
Etter Vg2 kan du velje to løp
• Fagbrev: To år i lære i ei verksemd i hundefaget der du går opp til fagprøva og får fagbrev
• Studieførebuande: Ta Vg3 Påbygg og deretter søke høgare utdanning innan veterinærmedisin, dyrepleie, biologi, zoologi, etologi, forvaltning, forsking eller anna.
Kva lærer eg?
På Vg2 Hundefag får du grunnleggjande kompetanse om hund og hundefag og lærer mykje om åtferd, velferd, hundetrening og god kundehandsaming. Du kan bruke treningskunnskapen din på ei rekkje dyreartar, i tillegg til hundar!
Klassen startar ei ungdomsbedrift som tilbyr kurs til vanlege hundeeigarar gjennom å drive sin eigen hundeskule i skuletida. Slik får du øve deg på ulike hundar og ulike kundar. For å få grunnlag til å lære opp hundeeigarar og hunder får du opplæring og øving i:
Dyrekunnskap, dyrevelferd og aktivitet
• Læring og trening
• Etologi og åtferd
• Åtferdsproblem
• Biologi og domestisering
• Ontogeni og sosialisering
• Dyrevelferd
• Helse
• Førstehjelp og sjukdomslære
• Reproduksjon og avl
• Fordøyelse og ernæring
• Anatomi og fysiologi
Entreprenørskap og drift:
• Bedriftsetablering og drift av hundeskule
• Økonomi, marknadsføring og kvalitet
• Verdiskaping og innovasjon
• Rettleiing og kundebehandling
• Helse, miljø og tryggleik
• Sikkerheit og risikovurdering i arbeid med dyr
• Hygiene og smittevern
• Etikk
• Lover og reglar
• Fysisk førebygging og rehabilitering
• Spesialsøk med hund
• Dyr-menneske interaksjonar
Eit gjennomgåande fokus er respekt for dyra sin eigenverdi, og korleis du kan vurdere om hunden også har glede av aktivitetar og interaksjonar. Studiet har gjennomgåande vitenskapelige metoder som grunnlag.
Hundeavdelinga:
Hundeavdelinga er den største i Norge. Vi har to store, oppvarma treningshallar med yogamatter, mykje treningsutstyr, treningsbane, kjøkken og resepsjon. Vi har også utstyr og kompetanse til å trene spesialsøkshundar. Dette får også du lære!
Vi har flotte, oppvarma «hyblar» til hundane. Dette er små rom med senger, benker og sofaer. Elevar som har eigne hundar kan ta dei med på dagar der hunden kan få god merksemd. Men det er ikkje naudsynt å ha eigen hund for å gå hundelinja, sidan elevane driv hundeskule som del av utdanninga.
Korleis er ei vanleg veke?
To heile dagar i veka har du programfag i hundeavdelinga. Frå omlag oktober til april arrangerer du hundekurs i skuletida. For å få hundeeigarar til å kome på kursa, startar og markedsfører du og klassen eigen hundeskule.
Ein dag i veka har du utplassering i ei aktuell verksemd. Vi ynskjer å tilby deg ei fordjupning som fører deg i den yrkesretninga du ser for deg. Vi har eit stort nettverk og har utplasseringsplassar i hundeskular, pensjonat, tenestehundverksemder, hundebarnehagar, hundefrisørar og fleire. Nokre elever ynskjer òg å ha utplasseringa si i dyreklinikk, dyrebutikk eller dyrepark.
Dei to andre dagane har du fellesfag.
Kvar får eg jobb?
Som hundefaglært jobbar du i ulike typar hundeverksemder med helse-, pass og omsorgstilbod, formidling og rettleiing, sal av produkt til hund eller opplevingar med hund. Du kan til dømes bli:
• føra av tenestehund
• instruktør på hundeskule
• medarbeidar i pensjonat, hundefrisør eller hundebarnehage
• assistent på dyreklinikk eller i andre helsetilbod
• medarbeidar i dyrebutikk
• dyrepassar i dyrepark
• medarbeidar i forsking på dyr
Du kan òg vidareutdanne deg til å bli åtferdskonsulent, dyrepleiar, veterinær, zoolog, biolog, etolog, forskar eller innan annan tverrfagleg kompetanse.
Korleis søkjer eg?
For å søkje på Vg2 Hundefag på Stend vel du "Vg2 Heste- og dyrefag" på Vigo. Du får i ettertid eit spørjeskjema frå skulen om kva slags fordjupning i programfag du ønskjer. Då svarer du Vg2 Hundefag.
Kva trengs av meg?
For å bli god i hundefag må du ønskje å jobbe med både dyr og menneske. Yrker i hundefag krev mykje av deg når det kjem til kommunikasjon med kundar og oppdragsgjevarar. Du må like å arbeide ute i skiftande miljø, tole litt skit, ha eit godt blikk og evne til observasjon. Du bør vere omsorgsfull, audmjuk og god til å samhandle. Alt dette kan du trene på i lag med medelevar og lærarar på Stend Hundefag!
Bli ein del av åtferdsteamet, du òg!
Målgruppe for kurset:
ette er linja for deg som vil ha hund som yrke