VG1 - Friluftsliv



Kursarrangør: Stend Videregåande Skule
Sted: Stend vidaregåande skule
          Hordaland, Bergen
Kursadresse: Fanavegen 249, 5244 Fana (kart)
Type:Åpent kurs / gruppeundervisning
Undervisningstid: Ta kontakt for mer informasjon
Varighet: 1 år

Vi tilbyr VG1 - Friluftsliv. Friluftsliv er eit perfekt utdanningsval for deg som vil ha studiekompetanse og samtidig ha ein aktiv og variert skulekvardag. Vi fokuserer på basisferdigheiter innan friluftsliv, - ferdigheiter du treng for å klare deg ute heile året.

Du får vere med på jakt, havsportaktivitetar som kajakk og coasteering og du får prøve deg i vinterfjellet. Du får øve deg på kart og kompass, klatring, bål, førstehjelp og å overnatte ute under ulike forhold.

Friluftsliv er eit perfekt utdanningsval for deg som vil ha studiekompetanse, og samtidig ha ein aktiv og variert skulekvardag.

På Vg1 friluftsliv fokuserer vi på basisferdigheiter innan friluftsliv. Du får lære, og øve på, dei grunnleggande ferdigheitene du treng for å klare deg ute heile året. Du får vere med på tradisjonelle former for bruk av naturen som sauesanking og jakt, til mer moderne former for friluftsliv gjennom klatring, kajakk og coasteering. Når snøen kjem i fjellet, spenner vi på oss fjellskiene og du får gjere deg kjent med vinterfriluftslivet.

I løpet av et skoleår har vi ca. 10 overnattingsturer, med varigheit på 2-5 dager. Ca. 30 døgn på tur, i tillegg til dagsturer og dagsaktiviteter.


Kva lærer eg?
Du får kunnskap innan emne som kart og kompass, bål, førstehjelp, å overnatte ute under ulike forhold og mykje meir. Du tar ulike kurs som brattkort, våttkort, jegerprøve, metodekurs coasteering, DNT`s grunnleggende turlederkurs og båtførarprøve


Korleis er ei vanleg veke?
To heile dagar med friluftsliv som programfag.

Ein dag i veka har du YFF (yrkesfaglig forjuping) eller fordjuping i matte og naturfag. I YFF får du anledning til å øve og lære enda meir om friluftsliv. Fordjuping i matte og naturfag gjev moglegheit til å ta spesiell studiekompetanse.

Store delar av undervisninga skjer med naturen som læringsarena, i skulens nærmiljø eller til lands og til vanns i Vestlandsnatur.

Dei to andre dagane har du fellesfag.


Korleis søker eg?
For å søkje på Vg1 Friluftsliv på Stend vel du "Vg1 Naturbruk med friluftsliv" på Vigo.



Kva trengs av meg?
Dersom du;
• liker å vere ute
• liker utfordringar
• liker å lære sammen med andre
• er åpen for å lære nye ting, men også kan dele av det du kan fra før
• ønsker å yte så godt du kan
ja, da har du alle forutsetninger for å trives her hos oss!

Vis flere tilsvarende kurs: