Vi tilbyr VG1 dyrefag. Vil du arbeide med dyr? Som dyrefaglært kan du bli dyreklinikkassistent, medarbeidar i dyrebutikk, førar av tenestehund, instruktør på hundeskule eller arbeide i dyrepark eller med forsking på dyr.
Du kan trene på handtering, fôring og stell av kaninar og gnagarar, eksotiske fuglar, akvariefisk og reptil i vår flotte smådyravdeling og lære trening av hund, språk og åtferd ved den største hundeavdelinga i Norge. Vg1 Dyrefag fører vidare til Vg2 Hundefag eller Vg2 Dyrehelse.