Ullbroderi



Sted: Raulandsakademiet
          Telemark, Vinje
Kursadresse: Akademiet 2, 3864 Rauland (kart)
Type:Åpent kurs / gruppeundervisning
Studie / yrkesutdanning
Undervisningstid: Ta kontakt for informasjon
Varighet: 4 dager
Pris: 4995
Neste kurs: 26.09.2024 | Vis alle kursdatoer

Vi tilbyr kurs om ullbroderi. Målsettinga er at du skal oppleve glede med å brodere, leike seg med farger og lære dei vanlegaste stinga og teknikkane vi nyttar i ullbroderi. Kurslærar har med påteikna materiale, broderitråd og anna utstyr og så går vi gjennom ulike sting.

Innhald:
Det vert plattsaum og sjattersaum, franske knutar og ymse grunnsaumar og mange andre teknikkar. Målet er at du skal reise heim etter kurset og berre glede deg til å starte opp på eit nytt broderi. Det blir noko fellesundervisning, men mest individuell rettleiing.

Lærar: Barbro Storlien

Målgruppe for kurset:
Kurset er både for deg som er nybyrjar og du som har noko erfaring

Forkunnskaper:
• Det er sjølvsagt fint om du har noko erfaring med nål og tråd, men det viktigaste er at du har motivasjon. I tillegg er det ei god hjelp i godt syn, gode briller eller ei god lupelampe.

Kursmateriell:
Materialpakka kostar om lag kr 400,- og inneheld alt du treng utanom broderiramme. Den må du ha med sjølv, helst ei på 15 - 18 cm i diameter.

Vi gjer merksam på:
Gjennom Studieforbundet kultur og tradisjon er dette kurset dekka av Kopinoravtalen, som tillet kopiering frå bøker og trykksaker til undervisningsføremål. Vi reknar med at deltakar følgjer sikkerhetsinstruksar frå kursarrangør og kurslærar. Kursdeltakar er ikkje dekka av forsikring frå arrangør.

Avmeldingsinformasjon:
Påmeldinga er bindande. Dersom du ikkje kan møte på eit kurs du har meldt deg på, er det viktig at du melder frå skriftleg (e-post eller brev) så fort som mogeleg.

Ein betalar eit depositum på kr 950 ved påmelding av eit kurs. Innbetalt depositum blir ikkje refundert fram til fire veker (28 dagar) før kursstart. Ved avmelding seinare enn 28 dagar før kursstart må heile kursavgifta betalast. Dette gjelder også om det er sjukdom eller andre årsaker.

Ein kan bytte kurs innanfor sama år, men kan ikkje skuve påmeldinga til neste år.