Dette er eit kurs for deg som har dreia litt før og har nytta dreiejern til å skjæra med,
og kjenner på at ein skulle prøvd noko meir enn «rund- dreieting», er dette noko for deg.
Det kan bli organisert felles transport - Gi beskjed om du trenger transport.
Kursinnhold:
Mål:
Visa dreiing av turkoppar med hank
Metode:
Bruk av modellar og gjenstandar. Tips og triks etter kvart som dei dukkar opp.
Innhald:
Dreiing på fri ende og om -
• Utstyr
• Sliping
• Skjæreteknikk
• Oppspenning
• Val av emne
• Overflatebehandling
Unn deg ein opptur med ei turkoppdreiing, og bruk den på ein topptur !
Kursleder: Mathias Sætre
I arbeidssamanhang har eg jobba 40 år i skulen, og vore innom Barne og ungdomsskule, Folkehøgskule og lengste tida i Vidaregåande skule som faglærar i teikning form og farge. Opp gjennom åra har eg hatt kurs i rosemaling og treskjæring. Eg kjenner og til ulike teknikkar i tredreiing. I skulesamanheng og jobba ein del med sveiping og kolrosing. Dei siste åra har ein i samarbeid med det lokale sanitetslaget arrangert ein del kurs i småsløyd og tredreiing for born og vaksne heime på garden. Kurset er i Austrheim, på garden der eg bur. «Løeloftet» er ein fullt utstyrt sløydsal på løa.
Målgruppe for kurset:
Alle som ønsker å lære mer om tredreiing