Sylv, ei innføring i smykkedesign



Sted: Raulandsakademiet
          Telemark, Vinje
Kursadresse: Akademiet 2, 3864 Rauland (kart)
Type:Åpent kurs / gruppeundervisning
Studie / yrkesutdanning
Undervisningstid: Innsjekking frå kl. 14.00
Varighet: 7 dager
Pris: 8500
Neste kurs: 30.06.2025 | Vis alle kursdatoer

Kvar dag starter med innføring i ein ny gullsmedteknikk, og så designer og lager du eigne smykke med denne teknikken. Det blir daglege, kreative øvingar og føredrag i korleis du kan bli betre på å lage unike smykke og kolleksjonar.

Lærar: Kaja Gjedebo. Epost: post(a)kgd.no

Kaja Gjedebo er utdanna smykkedesigner fra Edinburgh College of Art og har drive sitt eige smykkemerke KGD sidan 2002.
Ho driv Smykkeakademiet, Noregs einaste nettskule for å lære gullsmedteknikkar. I tillegg har ho kursverksemd i eige atelier. Ho har sidan 2018 designa for det internasjonale smykkemerket Bastian-Inverun.
Kaja Gjedebo. Epost: post(a)kgd.no

Målgruppe for kurset:
Kurset kan passe for alle som ynskjer å jobbe med design av smykke, og passar godt for både nybyrjarar og dei meir erfarne. Fokuset er på å utvikle den kreative muskelen, samtidig som du du blir flinkare teknisk.
I år vil me også ha ein dag med sandstøyp, der du lagar eigne former i voks som du støyper og renoverar.

Dette kurset blir tilpassa nivået i gruppa, så om nokon har behov, vil du lære å sage, lodde, file og polere.

Teknikkar me skal innom:
-preg med valse
-saging
-nitting
-knekksaging
-enkel filigran
-kuler og skåler
-Sandstøyp (nyhet!)

Kursmateriell:
Det er ein del verktøy til låns på verkstaden. Men ta med det du trur du får bruk for, så slepp du å vente. Husk å merke alt privat verktøy og utstyr med namn.

Dette må du ha med:
• Skalpell
• Papirlim
• Stållinjal
• Hard blyant og tegnesaker
• Papirsaks
• Skjæreunderlag for skalpell
• Sagblad til gullsmedsag 3/0 eller 4/0
• Skyvelær
• Smergelstikker 400 / 600 / 1000
• lighter
• Forkle for å beskytte klærne. Briller eller lupe for å se godt

De som har kan ta med:
• Flattenger, spisstang, pinsett, avbiter, rundtang, loddepinne, blikksaks
• Skyvelær og mikrometer
• Ta med det du trur du får bruk for - det er betre å ta med for mykje enn for lite

Ring gjerne kurslærer for nærmere informasjon

Verktøypakke til leige på Raulandsakademiet, kr 300.-
• S-100002 Ringfil halvrund hg. 2
• S-100004 Ringfil halvrund bred hg. 4
• S-110126 Sideavbiter med fjær
• S-110120 2 stk Flattang med fjær
• S-110123 Rundtang tynn med fjær
• S-110002 Korntang AA 120 mm
• S-110000 Korntang selvsp. rett
• S-100182 Nålefilsett hg. 2

Utstyr og metall får du kjøpt hos:
• Grenland stein og sølv, https://www.grenstho.no
• KA Rasmussen https://karasmussen.com
• Ravstedhus https://www.ravstedhus.no
• Norsk Edelmetall https://nooredelmetall.no

Avmeldingsinformasjon:
Påmeldinga er bindande. Dersom du ikkje kan møte på eit kurs du har meldt deg på, er det viktig at du melder frå skriftleg (e-post eller brev) så fort som mogeleg.

Ein betalar eit depositum på kr 950 ved påmelding av eit kurs. Innbetalt depositum blir ikkje refundert fram til fire veker (28 dagar) før kursstart. Ved avmelding seinare enn 28 dagar før kursstart må heile kursavgifta betalast. Dette gjeld også om det er sjukdom eller andre årsaker.

Ein kan bytte kurs innanfor sama år, men kan ikkje skuve påmeldinga til neste år.