Me tilbyr påbyggingskurs i spinning. Målsettinga er å lære forskjellige spinne- og tvinneteknikkar. Bruk av ulike ullsortar til forskjellig garn. Vera i stand til å styre resultatet til garnet ein ynskjer å spinne. Lære forskjellige måtar å preparere ulla til spinning.
Kursinnhold:
Har du lært å spinne, men har lyst til å lære meir? Det er mange ting som påvirkar korleis ein tråd blir; ullkvalitet, behandling av ulla, spinneteknikk, tvinning, tykt eller tynt, laust eller fast. På kurset prøvar me ut ulike spinne- og tvinneteknikkar og forskjellige materiale. Du får fleire mogleghetar til å designe garn etter eige ynskje og behov. Kurset gjev ei innføring i forskjellige ullkvalitetar og korleis dei forskjellige kvalitetane passar til ulike typer garn.
Deltakarane får prøve ull frå forskjellige sauerasar, alpakka, mohair (ta gjerne med eigne materiale). Dei får karde kardeflak på kardetrommel, gjerne med islett av forskjellig farger. Spinning på håndtein for dei som vil. Dersom det er mogleg tar me ei utflukt til Telepsinn i Svartdal som spinn garn av ull / hår fra mohair-geitar. Arbeidsforma blir gruppeundervisning og individuell rettledning.
Under skal deltakerne spinne:
• Kamgarn og kardegarn
• Høgre og venstre (Z og S)
• 2.tråds - og 3.tråds garn
• Forskjellige tvinneteknikkar, som perletvinn, bouclè og kjedetvinn
Lærer: Anne Grete Krogstad. Epost: ag-krog(a)online.no
Målgruppe for kurset:
Alle som ynskjer påbyggingskurs i spinning
Forkunnskaper:
• Forutsett at deltakerne kan den grunnleggende spinneteknikken
Kursmateriell:
Rokk - Karder og eventuelt annet utstyr - Forkle - Skrivesaker - Eventuelt eigne materiale (ull frå sau, hund, angora osv.). Litteratur: Diverse bøker og tidsskrift om temaet.
Avmeldingsinformasjon for kurs og opphald/matpakker:
Påmelding er bindande. Dersom du ikkje kan delta på kurset du har meldt deg på, er det viktig at du sender skriftleg avmelding til post(alfakrøll)raulandsakademiet.no, så snart du veit du ikkje kan delta.
Du betalar eit depositum à kr. 950.- ved påmelding til kurs. Angrefrist er 14 dagar med refusjon av depositumet. Etter dette vil ikkje depositumet bli attendebetalt ved avbestilling.
Avmelding til kurset 30 dagar eller mindre, før kursstart, må heile kursavgifta, og bestilt opphald med fullpensjon eller matpakker bli betalt. Det gjeld uansett grunn, også sjukdom.
Dersom Raulandsakademiet må avlyse eit kurs er ikkje dette gjeldande.
Generell informasjon:
Det er ikkje tillate med hund i kursvekene.
Eigne prisar for overnatting og matpakker når det er kurs.
Påmelding før 1.mars til sommarkurs gjev 10 % rabatt.
Påmelding før 1.juni til haustkurs gjev 10 % rabatt.