På dette nybyrjarkurset lærer ein grunnleggande spikketeknikkar. Me set fokus på fuglar spikka i lind, men me tar og ein tur ut for å hente ferske treemne til spikking av mindre oppgåver, som skjei og mus
Innhold:
Alle får utdelt ein grovt utskåren fugl med enkel form. Så snart fuglen er ferdig kan ein sjølv lage eige design og spikke sine eigne mønster/former. Om ein ynskjer har lærar med mønster. Er været fint, sit me ute og spikkar i dei fine omgjevnadane på Rauland.
Me vil gjennomgå grunnleggande teknikkar for sliping og polering.
Fuglane blir pussa og sett inn med olje.
Lærar kjem rundt til kvar einskild og rettleiar.
Forkunnskaper:
Ingen krav til forkunnskaper
Kursmaterial:
Lærar har med alt ein treng, men du kan også ha med eige utstyr. Fint om du opplyser ved påmelding om du har med eige utstyr eller ikkje.
Spikkekniv, spikkehanskar, sandpapir, slipestein, skinn til polering av kniv, valnøttolje.
Egna treemner er lind(lind egner seg godt til spikking).
Ynskjer du å hindre at kleda blir øydelagde, kan det være lurt å ha med eit skinnforkle.
Emner blir seld for ca. kr 50.- litt avhengig av storleik.
Ei pakke med sandpapir kr. 100,-.
Lærar: Maritha Nielsen er utdanna lærar i kunst og håndverk. Under utdanninga ved Kunstskulen i Rogaland hadde ho fordjupning i trearbeid, og hadde seks månadar på trelinja på Voss. Vidare har ho vore medlem av Varatun treklubb i Sandnes i ei årrekke, der ho har gått i lære hos dei eldre.
Sjølv byrja ho med trearbeid etter fleire år med datajobbing. Ved å bruke hendane på denne måten, er det som om kroppen får vende tilbake til liv. Maritha er oppteken av å hente fram gamle tradisjonar og finne nye område å bruke desse på.
Du finn nokre av hennars trearbeid på insta- kontoen:
Maritha_tre arbeide.
Ho har halde fleire kurs for Husflidslaga i Rogaland, drive «Snekkerdrøset» på Varatun gard og vore lærar på «Sløydskole» for innvandrarar.
For spørsmål ta kontakt på mail:
maritha9elsen(a)gmail.com
Me gjer merksam på:
Gjennom Studieforbundet kultur og tradisjon er dette kurset dekt av Kopinoravtala, som tillet kopiering frå bøker og trykksaker til undervisningsføremål. Me reknar med at deltakarar følgjer tryggleiksinstruksar frå kursarrangør og kurslærar. Kursdeltakar er ikkje dekt av forsikring frå arrangør.
Avmeldingsinformasjon:
Påmeldinga er bindande. Dersom du ikkje kan møte på eit kurs du har meldt deg på, er det viktig at du melder frå skriftleg (e-post eller brev) så fort som mogleg.
Ein betalar eit depositum på kr 950 ved påmelding av eit kurs. Innbetalt depositum blir ikkje refundert fram til fire veker (28 dagar) før kursstart. Ved avmelding seinare enn 28 dagar før kursstart må heile kursavgifta betalast. Dette gjeld også om det er sjukdom eller andre årsaker.
Ein kan bytte kurs innafor sama år, men kan ikkje skuve påmeldinga til neste år.