Vi tilbyr innføringskurs i filigran. Kurset er for nybegynnere.
Innhald:
Filigran er teknikken, som mellom anna er kjent frå draktsølv/bunadssølv frå Telemark, der ein lager deler av sølvtråd og loddar dei saman. På kurset vil ein lære dei grunnleggande teknikkane som å tvinne trådar, lage fletteband, krusar og kuler (kjørner). Vi trener på å lodde og å gjere ferdig sølvarbeidet med å oksydere og polere. Det blir undervist i å lage ein halsring. Kursdeltakaren vel mellom to alternative modellar ut frå ønske og kunnskap. Nærare informasjon kjem til alle påmelde.
Kurs frå måndag kl. 15.15 til sundag kl. 12.
Lærar: Svein Taksdal,
E- post: staksdal(at)gmail.com
Målgruppe for kurset:
Dette er eit kurs for deg som er heilt fersk på sølvarbeid og filigran eller har forsøkt litt og trenger oppfrisking og trening.»
Kursmateriell:
Ta gjerne med eigne sølvråvarer. Nødvendige trådar/plate kan også kjøpast av læraren. Du bør rekne med 300-400 kr i utgifter til sølvråvarer (utanom kursprisen). Ta gjerne med eige verktøy. Filigran består av mange små detaljer, så det er viktig å sjå godt. Ta gjerne med briller eller lupe ved behov. Boka «Filigran - teknikk og metode» av Marit Andersen anbefalast både som bakgrunn før kurset og som handbok under arbeidet.
Raulandsakademiet har verktøypakker til utleige (kr 300). Innhald i pakka:
• Flatfil, ansatsfil fra vallorbe dobbelthugget nr.2 er å anbefale
• Nålefiler, sett med 6 stk: flat, halvrund, barett, rund, firkant og trekant.(vallorbe nr 2)
• Gullsmedsag
• 2 stk. flattenger
• 1 Spisstang
• 1 Rundtang
• 1 Sideavbiter
• 1 Pinsett / korntang
• 1 Loddepinne i titan
• 1 Loddepinsett med isolert skaft
Vi gjer merksam på:
Gjennom Studieforbundet kultur og tradisjon er dette kurset dekka av Kopinoravtalen, som tillet kopiering frå bøker og frå arrangør. Trykksaker til undervisningsføremål. Vi reknar med at deltakar følgjer sikkerhetsinstruksar frå kursarrangør og kurslærar. Kursdeltakar er ikkje dekka av forsikring frå arrangør.
Avmeldingsinformasjon:
Påmeldinga er bindande. Dersom du ikkje kan møte på eit kurs du har meldt deg på, er det viktig at du melder frå skriftleg (e-post eller brev) så fort som mogeleg.
Ein betalar eit depositum på kr 950 ved påmelding av eit kurs. Innbetalt depositum blir ikkje refundert fram til fire veker (28 dagar) før kursstart. Ved avmelding seinare enn 28 dagar før kursstart må heile kursavgifta betalast. Dette gjelder også om det er sjukdom eller andre årsaker.
Ein kan bytte kurs innanfor sama år, men kan ikkje skuve påmeldinga til neste år.