Sikkerheitsopplæring for sjøfolk på mindre skip, med E-læring



Sted: Sikkerheitssenteret i Måløy, v/Måløy vidaregåande skule, maritimt bygg.
          Sogn og Fjordane, Vågsøy / Måløy
Kursadresse: Tennebø, 6718 Deknepollen (kart)
Type:Åpent kurs / gruppeundervisning
Varighet: 36 timer
Pris: 13.965

Sikkerheitssenteret i Måløy tilbyr kurs i sikkerheitsopplæring for sjøfolk på mindre skip. Kurset er obligatorisk minstekrav for alle som skal tenestegjere om bord i fartøy under 24 meter, uavhengig av stilling.

Innhald
Emna tar utgangspunkt i STCW-konvensjonens regel VI, Avsnitt A-VI/1 og tabeller A-VI/1-1, 1-2, 1-3 og 1-4, men innhald og omfang er tilpassa til skip med lengde (L) under 24 meter i fartsområde liten kystfart eller mindre.

• STCW A-VI/1-1 Personlege redningsteknikkar
• STCW A-VI/1-2 Førebyggande brannvern og brannslukking
• STCW A-VI/1-3 Grunnleggande førstehjelp
• STCW A-VI/1-4 Personleg sikkerheit og omsorg for menneskeliv og miljø

Kurset skal sikre at deltakarane får sikkerhetsopplæring som gjer dei i stand til å opprettholde sikkerheita for både skip og mannskap i ulike situasjonar. Kurset er samansett av ein e-læringsmodul som må vere fullført før oppmøte, samt teori og praktiske øvingar på kurssenteret. Kurset består av ein E-læringsmodul og ein dag på kurssenteret. E-læringsmodulen må vere fullført før oppmøte på kurssenteret. Det blir gjennomført ein teoretisk test ved oppmøte på kurssenteret.

Målgruppe for kurset:
Sjøfolk som skal tenestegjere på lasteskip med lengde under 24 meter i fartsområde liten kystfart eller mindre.

Forkunnskaper:
Ingen