Sikkerheitssenteret i Måløy tilbyr kurs i sikkerheitsopplæring for sjøfolk på mindre skip. Kurset er obligatorisk minstekrav for alle som skal tenestegjere om bord i fartøy under 24 meter, uavhengig av stilling.
Innhald
Emna tar utgangspunkt i STCW-konvensjonens regel VI, Avsnitt A-VI/1 og tabeller A-VI/1-1, 1-2, 1-3 og 1-4, men innhald og omfang er tilpassa skip med lengde (L) under 24 meter i fartsområde liten kystfart eller mindre.
STCW A-VI/1-1 Personlege redningsteknikkar
STCW A-VI/1-2 Førebyggande brannvern og brannslukking
STCW A-VI/1-3 Grunnleggande førstehjelp
STCW A-VI/1-4 Personleg sikkerheit og omsorg for menneskeliv og miljø
Dersom kompetansen er utgått, må det dokumenterast 12 månadars fartstid med gyldig ferdigheitssertifikat eller kurs. Fartstida reknast 5 år tilbake frå oppstartdato på nytt kurs.
Målgruppe for kurset:
Sjøfolk som skal tenestegjere på lasteskip med lengde under 24 meter i fartsområde liten kystfart eller mindre.
Krav:
Sikkerheitsopplæring for sjøfolk på mindre skip eller anna godkjent sikkerheitsopplæring.