Vi tilbyr sertifiseringskurs i brannsikring ved varme arbeid via Teams. KSL og forsikringsselskapa krev sertifikat for utføring av varme arbeid. Dette gjeld også bønder på eigen gard, og eventuell brannvakt.
Innhald:
Brann kan fort oppstå ved utføring av varme arbeid. Den som utfører slikt arbeid, skal ha innsikt i brannrisiko, og utføre arbeidet på ein slik måte at brann ikkje oppstår. Varme arbeid er arbeid med utstyr som kan gje gneistar eller varme nok til å tenne ein brann.
Kurset tek føre seg:
• Sertifiseringsordninga for brannvern ved utføring av varme arbeid
• Gjeldande regelverk / sikkerheitsforskrift og arbeidsinstruks
• Brann- og sløkkjeteori
• Risiko ved utføring av varme arbeid
• Eksamen
Prisar:
• Full pris kr 2.200,-
• NLR medlem kr 1.500.-
• NLR medlem med HMS avtale kr 1.300,-
• Sløkkeøving: kr 500.-
Kurslærar: Kolbjørn Taklo, seniorrådgjevar HMS
Målgruppe for kurset:
Alle som ønsker sertifiseringskurs i brannsikring ved varme arbeid
Kursmateriell:
Tilgang til lærebok og arbeidshefte vert gitt digitalt
Eksamen / sertifisering:
Eksamen vert og gjennomført digitalt. Fullført kurs med godkjent eksamen gir sertifikat for varme arbeid utferda av Norsk Brannvernforening.