Sal, service og reiseliv



Kursarrangør: Stend Videregåande Skule
Sted: Stend vidaregåande skule
          Hordaland, Bergen
Kursadresse: Fanavegen 249, 5244 Fana (kart)
Type:Åpent kurs / gruppeundervisning
Undervisningstid: Ta kontakt for mer informasjon
Varighet: 1 år

Er du serviceinnstilt, liker å hjelpe folk og er open for ulike kulturar og tradisjonar? Då kan Sal, service og reiseliv vere noko for deg. Du går to år i skule før du kan gå ut i lære. Du kan også ta Påbygging til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

På Stend vil du få ei praktisk retta opplæring, i ein aktiv skulekvardag. Vg1 er felles for dei som vel service og samferdsel. På Stend kan du søke deg vidare inn på Vg2-kursa:
• Sal og reiseliv
• Sikkerhet og administrasjon



Kvifor Sal, service og reiseliv?:
God kundebehandling, kunnskapar om lover og forskrifter og evna til å vere løysingsorientert er sentralt i sal, service og reiseliv. Du skal representere bedriften, og må difor vere høfleg, omgjengeleg og innstilt på å yte service. Du må difor like å ha med andre menneske å gjere. Du må kunne vise respekt for ulike kulturer, tradisjonar og etiske normer.

Utdanningsprogrammet fører fram til yrke i eit breitt spekter av servicebransjar, frå sal til tryggleik.


Første året
Opplæringa i felles programfag i Sal, service og reiseliv skal legge grunnlag for utvikling av kompetanse som møter framtidige krav frå næringslivet, forbrukaren og samfunnet. Den skal fremme god service og kommunikasjon knytt til drift og produksjon i verksemdene. Opplæringa skal legge til rette for samarbeid, sjølvstendig arbeid og praktisk bruk av kunnskap.

Programfaga skal hjelpe deg å forstå betydninga av service- og vertskapsrolla, og gi ei innføring i administrative og økonomiske oppgåver. Videre handlar programfaga om å utvikle produkt og tenester som dekker behov kundane og samfunnet har. Opplæringa skal ruste deg til eit arbeidsliv som krev at servicemedarbeidaren tar etiske og berekraftige val, som sikrar tryggheit innanfor verksemda. Programfaga skal også legge grunnlag for entreprenørskap.

På Stend vil elevane på VG1 Sal, service og reiseliv ha praksis knytt til gardsbutikken slik at teorien får ei større meining.


Andre året
Etter fullført VG1 kan du, på Stend, velge VG2 Sal og reiseliv eller VG2 Service, sikkerhet og administrasjon.

Du har difor alle valmoglegheiter hos oss etter fullført Vg2, og kan velgje å gå ut i lære som salsmedarbeider, vekter, administrasjonsmedarbeider eller reiselivsmedarbeider. Om du ønsker å studere videre kan du også velje påbygg til generell studiekompetanse etter Vg2. Generell studiekompetanse kan man også ta etter å ha fullført læreløp og bestått fagbrev.