Ridetur til Uburen



Sted: Fossanmoen
          Rogaland, Forsand
Kursadresse: Fossanmoen, 4110 Forsand (kart)
Type:Åpent kurs / gruppeundervisning
Undervisningstid: Ta kontakt for informasjon Fra juni - september
Varighet: 4 timer
Pris: 1.350

Vi tilbyr ridetur til Uburen. Fantastisk ridetur i ulendt terreng til fjelltoppen Uburen. Deltakerane får først utdelt ridehjelm og hestar. Deretter gir turleiaren ei kort orientering om turen og om handtering av hestane. Utstyr blir tilpassa og turen startar.

Innhald:
Først rir me på bilveg ei stund, slik at deltakarane får sitje seg litt "varme" i salen før me går inn i terrenget. Når me så kjem inn i terrenget byrjar stigninga opp til Uburen med det same. Dei første bakkane er lange, bratte, og steinete. Mange får her eit godt inntrykk av kva islandshestane er gode for. Etter denne klatringa flatar terrenget ut og me får følelsen av å vere på høgfjellet. Så er me allereie i nær 400 meters høgde også.

Her får me flott utsikt over Rossavik, og indre del av Høgsfjorden. Utover mot endepunktet får me no ein behageleg og fin sti. Litt opp og litt ned, og med god utsikt heile vegen. Heilt framme står me 416 meter over havet, og kan nyta ein fantastisk utsikt utover mot Boknafjordbassenget. Me ser Lysefjordmunningen, Forsandbygda, Lauvik - Høle - Ims, Stavanger, ja heilt til Karmøy og Bokn på godversdagar. Her har me ein kort pause, før me vender heimover att.

Tilbaketuren går i same traséen som opp, men me får ein heilt annan opplevelse fordi det blir så mange nedoverbakkar. Ein del fryktar desse bakkane, men når det heile er unnagjort, og alt er gått godt, så ligg smilet heilt opp i dagen! Turen går gjennom forholdsvis tøft terreng, men tempoet blir halde lågt, så sjølv om mange uerfarne er med på turen, så er me sparte for alvorlege uhell. Sagt om turen: "Fantastiske hester", "For en utsikt", "Ikke tur for pyser", "Skummelt", "Spektakulær tur" Turen må bestillast på forhånd.

Vis flere tilsvarende kurs: