Eva´S Ridesenter tilbyr rideleir kvar veke frå midten av juni til midten av august. Vi gjev opplæring i stell og bruk av hest, rir lange turar i flott vestlandsnatur og har sprang- og dressurridning på 20 x 40m ridebane.
Innhald:
Vi skal også ha køyring med hest og litt teoriundervisning. Til seters skal vi og, der vi overnattar 1 - 2 netter, alt etter verforhold. I slutten av veka vert det arrangert uhøgtidlege konkurransar for dei som har lyst. Frammøte til rideleiren er søndag ettermiddag/kveld og avreise fredag kveld. Interesserte kan også avtale opphald i 2 veker.
Om hestane:
vi brukar er islandshestar. Så langt råd er vil du få velgje din eigen favoritthest. Den får du ri og stelle heile veka.
Fritidsaktivitetar:
på kveldstid kan vere bordtennis, video, m/hestefilmar, grilling, stell av hest.
Innkvartering:
• Vi bor på 4-mannsrom i nytt gardshus
• Tilgang til toalett, dusj og vaskerom
• Vi legg stor vekt på tryggheit og trivsel
Målgruppe for kurset:
Både nybyrjarar og meir erfarne ryttarar er velkomne! - kom gjerne med venner
Aldersgrense:
• Nedre aldersgrense er sett til 12 år for nybyrjarar og 10 år for dei som er vande med hest