Vi tilbyr kurs i praktisk HMS-arbeid.
Kurset er i tre delar (12 timar):
• Rettleiing, motivasjon, grunnleggande om HMS - med lærar, (3 timar)
• E-læring, eigenstudie på internett med fagstoff, oppgåver og testar + vernerunde
• HMS i praksis, drøfting av vernerunde, risikovurdering, rutinar, meir om beredskap - med lærar, (3 timar)
Innhald:
• Skade og ulukkesrisiko i landbruket
• Kartlegging av arbeidsmiljø, risiko, SJA, tiltak og rutinar
• Ergonomi / psykisk helse
• Brann- og el-tryggleik
• Kjemisk og biologisk arbeidsmiljø
• Fysisk arbeidsmiljø, støy/ vibrasjonar, lys, ventilasjon
• Arbeidsgjevaransvar / opplæring / beredskap
Kurset gjev godkjend HMS-kompetanse:
• Oppfyller krav frå styresmaktene om HMS-opplæring for leiar (§3 - 5 AML)
• Grunnleggande innføring i systematisk HMS-arbeid
• Er knytt opp til KSL-standardane, konkret og praktisk om HMS på din gard
Målgruppe for kurset:
Alle som ønsker kurs i praktisk HMS-arbeid
Prisar:
• Pris for medlemar i Norsk Landbruksrådgiving kr 2.500,-
• Pris for medlemar med HMS-avtale kr 1.900,-
• Pris for andre kr 3.200,-
• Pris for deltakar nr. 2 frå same verksemd kr 1.300,-