Naturbruk



Kursarrangør: Stend Videregåande Skule
Sted: Stend vidaregåande skule
          Hordaland, Bergen
Kursadresse: Fanavegen 249, 5244 Fana (kart)
Type:Åpent kurs / gruppeundervisning
Undervisningstid: Ta kontakt for mer informasjon
Varighet: 1 helg i månaden over 2 år
Pris: Gratis

Er du interessert i natur og miljø, dyr og menneske? Då kan naturbruk passe for deg. Du kan bli lærling etter 1-2 år på skule, og så ta fagbrev. Du kan også gå vidare på Vg3 og ta yrkeskompetanse eller studiekompetanse, avhengig av kva programområde du vel.

Kvifor velje naturbruk?
Skreddersy utdanningsløpet! Velg anleggsgartnar eller friluftsliv, eller mellom dyrefaglinjene dyrehelse, hundefag og hestefag. Tre dager i veka er aktiv og praktisk og du får øve deg i små parti med tett oppfølging. Stend har smådyravdeling, hundeavdeling, stall og ridehall, parkanlegg, friluftsutstyr, buss og nærleik til skog, fjell og sjø. Bli ein del av eit engasjert fagteam, del interessa di med klassevener og få eit yrke og minner for livet!

Målgruppe for kurset:
Vaksne over 25 år som treng kompetanse for å drive gard eller på annan måte vera yrkesutøvar innan landbruksnæringane.


Kva kan du bli?
Med fagbrev kan du bli verdsett i fleire yrke:
• Assistent på dyreklinikk
• Medarbeidar i dyrebutikk
• Førar av tenestehundar eller instruktør på hundeskule
• Dyrepassar i dyrepark
• Fagarbeidar i forskning på dyr
• Turleiar og kajakkinstruktør
• Fagarbeidar i travnæring, rideverksemder og hesteturisme
• Anleggsgartnar

Med studiekompetanse kan du komme inn på høgskular og universitet. Med fordjuping i realfaga vil dei aller fleste studieretningar vere opne for deg. Kompetanse innan naturbruk blir verdsett i stadig fleire yrke:
• Ved oppstart av eiga verksemd
• Dyrepleiar og veterinær
• Biolog og zoolog
• Rådgjevar i kommune og fylkeskommune
• Inspektør i Mattilsynet
• Forvaltning og forsking
• Undervisning og rettleiing

Yrkesretting og utplassering
På naturbruk legg vi vekt på at opplæringa skal vere relevant for eleven, både no og med tanke på kva du vil møte i yrkeslivet.

Etter Vg2 kan du ta fagbrev eller studiekompetanse. Vi legg vekt på at opplæringa skal vere relevant for deg, både no og med tanke på kva du vil møte i yrkeslivet. Vi yrkesrettar opplæringa ved å ha mykje praksis i våre flotte læringsarenaer og med å dra på utferder og besøk. Du får arbeide tett på dyr, natur, menneske og verkelegheita.

Vi har god kontakt med ulike bransjar for samarbeid og besøk og elevane har gode moglegheiter for utplassering i bedrifter.