NF-Metodekurs bre 1



Sted: Oppmøte på Bretun i Jostedalen
          Sogn og Fjordane
Type:Åpent kurs / gruppeundervisning
Undervisningstid: Ta kontakt for informasjon
Varighet: 3 dager
Pris: 6.950

Vi tilbyr NF-Metodekurs bre 1. Deltakarane skal bli medvitne om kor viktig sikre vegval på bre og i alpint terreng er, og gjerast godt kjende med metodesett og tankegang for sikring og redning på bre, i snøbakkar og utsett terreng (ikkje klatreterreng).

Innhald:
Deltakarane skal vise at dei kan orientering, er normalt uthaldande og meistrar rørsleteknikk i ulendt terreng, på snø og is. Etter gjennomført kurs og med tilråding frå kursleiar, skal ein vere kvalifisert til å føre grupper på tilrettelagde ruter i blåis som assisterande breførar. I tillegg er ein - etter ein praksisperiode på 5 ev. 6 dagar på brekurs - kvalifisert for opptak på Vegleiarkurset, den avsluttande delen av NF-Breinstruktørkurset.

Program:

1. Søndag kveld kl 20:00 på Bretun
Praksis:
• Kursopning / presentasjon
• Inndeling i taulag
• Knutar og innbinding, kurs og føring
• Standard utstyr som vegleiar / førar

2. Måndag - Vivakulen
Praksis:
• Sikringsteknikk / -middel på snø
• Snøbakketeknikk
• Alternative sikringar
• Rigging av standplassar
• Rigging av faste tau
• Kile- og slyngeplassering på steingrunn
• Orientering

Teori - dagens øvingar:
• Oppsummering
• Brelære
• Sikringsteori brevandring
• Fyrstehjelp, varsling, organisert redning

3. Tysdag - Nigardsbreen
Praksis:
• Fransk stegjarnsteknikk
• Sikringsteknikk
• Gange i taulag (instruktørrolla på kurs og føring)
• Besøk på Breheimsenteret

Teori - dagens øvingar:
• Oppsummering
• Turplanlegging (mat / drikke, alpine farar, gange på snødekt bre)

4. Onsdag - Fåbergstølsbreen
Praksis:
• Vegval på is og snø

Teori - dagens øvingar:
• Oppsummering
• Standarder, lover og reglar
• Verdiar fjellsport-historie

5. Torsdag - Tuftebreen evt. Vivakulen
Praksis:
• Snøredning (enkel talje og utviding av denne)
• Redning av skada 1:3 og 1:6 talje

Teori - dagens øvingar:
• Oppsummering
• Sikringsteori klatring på is
• Vegleiarrolla

6. Fredag - Nigardsbreen
Praksis:
• Klatring og rapell
• Div. topptau- og rapellfester
• Klemknutegang, med og utan tauklemmer
• Kurset samla får ei avsluttande oppgåve (case) på breen (t.d. redning av medvitslaus person)

Teori - dagens øvingar:
• Info om vegleiarkurset
• Tilråding av litteratur
• Vurdering
• Oppsummering
• Sosialt samvær

7. Laurdag - Bretun
Praksis:
• Opprydding og vasking
• Heimreise

Dette programmet kan bli justert og rekkjefølgja av dei ulike øvingsmomenta endra, avhengig av dei praktiske tilhøva som is-, snø- og vertilhøve, sprekker etc. Kurset vil likevel i all hovudsak bli gjennomført etter dette oppsettet.

Målgruppe for kurset:
For dei som ynskjer å utdanne seg til assisterande breførar eller NF-godkjend breinstruktør.

Krav (metodekurs):
Minimum 18 år ved opptak til instruktørkurs. Brekurs eller tilsvarande og minst 2 års erfaring med alpine turar samt breturar sommar og vinter med overnatting ute.

Eksamen/sertifisering:
Etter stått kurs og godkjend praksisperiode blir kandidaten godkjent som assisterande breførar. For å bli vidare godkjent som NF-breinstruktør og breførar må ein og ha gjennomført og stått.