Morgenyoga for alle



Sted: Yogaskolen i Bergen
          Hordaland, Bergen
Kursadresse: Strandgaten 201, 5004 Bergen (kart)
Type:Åpent kurs / gruppeundervisning
Undervisningstid:
Torsdager, kl 10:15 - 11.45
Varighet: 12 uker
Pris: 3.200

Å undervise i yoga torsdag morgon har eg gjort sidan 2001 og og nokre har faktisk følgt kurset sidan oppstart og mange har delteke trufast i fleire år. Dette er likevel eit kurs som er ope for alle og nye er hjarteleg velkomne.

Yogaprogramma eg underviser i er tilpassa at det er tidlig på dagen og at det er godt for kroppen med tøying og oppmjukning av ledd. Det blir variasjon mellom lette og noko meir krevande øvelsar. Ved behov kan eg gi alternative øvelsar, du er ikkje her for å prestere men gjere så godt du kan og det du kjenner er riktig for deg. Etter ein yogatime skal du føle at du har gjort noko godt for deg sjølv – for kroppen og sinnet. Eg underviser også i pusteteknikkar, avspenning, meditasjon og konsentrasjon. Det som alltid er med er ei avspenning som avslutning på timen.

Eg brukar ikkje musikk i undervisinga. Når du praktiserer yoga vender du merksemda mot deg sjølv og innover. Musikk kan verke forstyrrande fordi den drar oppmerksomheita utover.

I yogarommet vårt har vi tjukke yogamatter, pledd, bolstere og meditasjonsputer. Ha på deg kle som er behagelige å gjere yoga i.

Velkomen til ein lun yogatime på føremiddagen og ta med deg verknadane resten av dagen.