Minibuss og tilhengar - klasse D1E



Kursarrangør: Langvatn Trafikkskule
Sted: Møre og Romsdal, Volda
Møre og Romsdal
Kursadresse: Morkamyra 15, 6105 Volda (kart)
Type:Åpent kurs / gruppeundervisning
Undervisningstid: Ta kontakt for informasjon

Vi tilbyr opplæring til førarkort minibuss og tilhengar - klasse D1E. Denne klassa gjeld trekking av tilhengar med ei tillatt totalvekt over 750 kg. Samla tillatt totalvekt for minibuss og tilhengar må ikkje overskride 12.000 kg.

Alle som skal ta førarkort i tyngre klasser må ha godkjent helseattest frå lege. Denne skal leverast på trafikkstasjonen. Vi anbefalar å skaffe dette, samt søke om førarkort så snart du har starta på opplæringa. Dersom du skal køyre minibuss i yrkessamanheng må du også ha yrkessjåførutdanning for persontransport.


Trinnvis opplæring
Køyretimar avtalast undervegs med kvar enkelt utifrå behov. Vi skreddarsyr eit opplegg som passar for deg. Teoriprøve må vere bestått, og helseattest levert på trafikkstasjonen før ein kan bestille oppkøyring.

Trinn 1:
• Opplæringa i klasse D1 utgjer det første trinnet i klasse D1E

Trinn 2:
• Grunnleggande køyretøyteknisk og køyrekompetanse, som skal avsluttast med obligatorisk trinnvurderingstime.

Trinn 3:
• Trafikal opplæring, som skal avsluttast med obligatorisk trinnvurderingstime

Trinn 4:
• Kurs i sikring og merking av last - 2 timar Obligatorisk kurs. (Fritak dersom du har klasse BE eller B96 fra før).
• Sikkerheitskurs på veg - 4 timar. Obligatorisk kurs (Fritak dersom du har klasse C1E fra før).
• Avsluttande opplæring før førarprøve.


Målgruppe for kurset:
Alle som ønsker førarkort minibuss og tilhengar - klasse D1E

Aldersgrense: minstealder: 21 år