Lag dine eigne strikkeklede! Me byggjer vidare på grunnkurs, og jobbar med snittforming og eigne maskemønster til plagget du drøymer om å lage.
Innhald:
Frå prøvelapp til plagg med eige design
Plagget som skal lagast, får kantar og halsfellingar slik du vil ha dei. Deltakarane skal lære å ferdigstille eit plagg, montere, halsfellingar, kantar og avslutningar.
• Måltaking og enkel snittforming
• Rekne ut plaggdelar etter ynskt snitt
• Lage eigne maskemønster i DesignaKnit eller Excel til elektronisk strikkemaskin
eller holkort
• Fasongstrikk med forkorta rekkjer/nåler i kvileposisjon
• Halsutforming, ulike kantar og fine fellingar
• Montering på strikkemaskin eller linker
• Tips og vidare læring
Lærar: Hege S. Søberg
E-post: hege(a)maskinstrikkeoppskrift.no
Målgruppe for kurset:
Dei som ynskjer påbyggingskurs i maskinstrikking
Forkunnskaper:
• Må ha vore på grunnkurs eller ha tilsvarende kunnskaper
Litteratur:
• • Marit Buset: Maskinstrikkeboka
https://www.strikkemaskiner.com/boker
Kursmateriell:
Ta med eigen strikkemaskin med alle delar og ekstrautstyr. Sjå til at maskina er i god stand og klar til bruk! Hugs bruksanvisningar til maskina. PC for mønsterteikning. Ta med skrivesaker, måleband og saks, plastlommer og perm til prøver. Ta med garn dersom det er noko spesielt du ynskjer å bruke. Lærar ynskjer melding om kva type maskin du har.
Avmeldingsinformasjon:
Påmeldinga er bindande. Dersom du ikkje kan møte på eit kurs du har meldt deg på, er det viktig at du melder frå skriftleg (e-post eller brev) så fort som mogleg.
Ein betalar eit depositum på kr 950 ved påmelding av eit kurs. Innbetalt depositum blir ikkje refundert fram til fire veker (28 dagar) før kursstart. Ved avmelding seinare enn 28 dagar før kursstart må heile kursavgifta betalast. Dette gjeld også om det er sjukdom eller andre årsaker.
Ein kan bytte kurs innafor sama år, men kan ikkje skuve påmeldinga til neste år.