Me tilbyr grunnkurs i maskinstrikking. Målsettinga er at deltakarane skal lære grunnleggande arbeidsprosessar på strikkemaskina. Arbeidsforma blir gruppeundervisning og individuell rettleiing.
Innhold:
Lag dine eigne strikkeplagg! Dette kurset passar for nybyrjarar og litt øva. Målet er å bli godt kjend med maskina si funksjonar, ulike måtar å legge opp på, auking, felling og mønsterstrikking, for å nemne noko. Forkunnskapar er ikkje naudsynt, og alle får rettleiing ift eigne kunnskapar. Ta med eiga strikkemaskin, elektronisk eller holkort. Leige av strikkemaskin kr. 750.
Agenda:
Under kurset vil me gå i gjennom:
• Montere maskina, vanleg vedlikehald
• Maskina si ulike funksjonar
• Kantar, auking, felling, avslutningar
• Utrekning av oppskrifter
• Montering
• Etterbehandling
Lærar: Vivian Grieg Teisner
E-post: viviangteisner(a)gmail.com
Målgruppe for kurset:
Alle som ynskjer grunnkurs i maskinstrikking
Forkunnskaper:
• Nybyrjar og litt øva
Litteratur:
Marit Buset: Maskinstrikkeboka. Den kan du kjøpe på kurset, kr. 376,-
Kursmateriell:
Ta med eiga strikkemaskin med alle delar og ekstrautstyr. Sjå til at maskina er i god stand og klar til bruk! Hugs bruksanvisningar til maskina. Dei som har elektronisk maskin og DesignaKnit - programmet bør også ta med seg PC for mønsterstrikk. Ta med skrivesaker, målband og saks, plastlommer og perm til prøver. Ta med garn dersom det er noko særskilt du ynskjer å bruke. Lærar ynskjer melding om kva type maskin du har.
Garn: Ullgarn, f.eks. 8,5/2 Hifa (Hillesvåg) er veldig godt egna til utprøvingene. Lærar har med noko garn for sal. Vel gjerne ljose fargar.
Kompendium: Utarbeida av kursleiar er å få kjøpt på kurset.
Avmeldingsinformasjon for kurs og opphald/matpakker:
Påmelding er bindande. Dersom du ikkje kan delta på kurset du har meldt deg på, er det viktig at du sender skriftleg avmelding til post(alfakrøll)raulandsakademiet.no, så snart du veit du ikkje kan delta.
Du betalar eit depositum à kr. 950.- ved påmelding til kurs. Angrefrist er 14 dagar med refusjon av depositumet. Etter dette vil ikkje depositumet bli attendebetalt ved avbestilling.
Avmelding til kurset 30 dagar eller mindre, før kursstart, må heile kursavgifta, og bestilt opphald med fullpensjon eller matpakker bli betalt. Det gjeld uansett grunn, også sjukdom.
Dersom Raulandsakademiet må avlyse eit kurs er ikkje dette gjeldande.
Generell informasjon:
Det er ikkje tillate med hund i kursvekene.
Eigne prisar for overnatting og matpakker når det er kurs.
Påmelding før 1.mars til sommarkurs gjev 10 % rabatt.
Påmelding før 1.juni til haustkurs gjev 10 % rabatt.
Ei kan melde på maks 3 deltakarar pr,påmelding.