Lastebil klasse C



Kursarrangør: Langvatn Trafikkskule
Sted: Møre og Romsdal, Volda
Møre og Romsdal
Kursadresse: Morkamyra 15, 6105 Volda (kart)
Type:Åpent kurs / gruppeundervisning
Undervisningstid: Ta kontakt for informasjon

Vi tilbyr opplæring til førarkort lastebil klasse C. Denne klassa gjeld føring av motorvogn med tillatt totalvekt over 7.500 kg som er godkjent for transport av høgst 8 passasjerar i tillegg til førar. Tilhengar med tillatt totalvekt høgst 750 kg.

Alle som skal ta førarkort i tyngre klasser må ha godkjent helseattest frå lege. Denne skal leverast på trafikkstasjonen. Vi anbefalar å skaffe dette, samt søke om førarkort så snart du har starta på opplæringa. Dersom du skal køyre lastebil i yrkessamanheng må du også ha yrkessjåførutdanning for gods.


Trinnvis opplæring
Teorikurs for lastebil går over tre kveldar. Første kvelden er todelt og startar med grunnkurs tunge køyretøy som er felles for alle tunge klasser, og held fram med teorikurs kun for klassene C og D. Køyretimar avtalast med kvar enkelt og utifrå behov. Vi skreddarsyr eit opplegg som passar for deg. Teoriprøve må vere bestått, og helseattest levert på trafikkstasjonen før ein kan bestille oppkøyring.

Trinn 1:
• Grunnkurs tunge køyretøy - 3 timar. Obligatorisk. (Fritak dersom du har førarkort i ei tung klasse fra før)

Trinn 2:
• Grunnleggande køyretøyteknisk og køyrekompetanse, som skal avsluttast med obligatorisk trinnvurderingstime.

Trinn 3:
• Trafikal opplæring, som skal avsluttast med obligatorisk trinnvurderingstime.

Trinn 4:
• Ulykkesberedskapskurs - 9 timar. Obligatorisk og felles for alle tunge klasser (Fritak dersom du har førarkort i ei tung klasse frå før).
• Lastsikringskurs - 9 timar. Obligatorisk og felles for C og C1 (Fritak dersom du har førarkort C1 frå før).
• Sikkerheitskurs på veg - 6 timar. Obligatorisk kurs.
• Avsluttande opplæring før førarprøve.

Målgruppe for kurset:
Alle som ønsker førarkort på lastebil klasse C

Aldersgrense: minstealder: 21 år

Vis flere tilsvarende kurs: