Me tilbyr kurs i biletvev. Målsettinga er at deltakaren skal meistre enkle billetvevteknikkar, og bruke dei i biletkomposisjon, og nå ei forståing for teknikken sine verkemidlar og mogleghetar. Arbeidsformen er førelesing, individuelt arbeid og individuell rettleiing.
Innhald:
Her kan du veve tradisjonelt eller eksperimenterande etter eige ynskje. Det blir undervist i grunnleggande teknikkar, både tradisjonelle og nyare variantar. For dei heilt ferske er det lurt å byrje med ein prøvelapp. Lærar har opplegg og garn til prøvelapp. Har du lyst til å lage eigne komposisjonar, får du hjelp og rettleiing til det. Du treng ikkje vera god til å teikne. Biletvev er eit stort kunnskapsfelt, du kan sjølv velje område du vil arbeide med; teknikkar, fargar, materialkombinasjonar, komposisjon eller uttrykk.
Du må ha eiga biletvevramme. Ta kontakt med kurslærar dersom du har behov for material. Anne Grete Krogstad har Master i tradisjonskunst, og held kurs innan fleire teknikkar for både vaksne og barn. Kvar dag vekslar ho mellom felles gjennomgang, individuelt arbeid, individuell rettleiing og felles diskusjonar. Tema blir tatt opp etter elevane sine behov.
Temaene omfatter:
• Gjennomgang av vevramma, korleis den rennes
• Grunnleggande teknikkar, trapping, rette og spisse hakk, kamming, soumak
• Renningstettleik, garnkvalitet, variasjon av material
• Montering, feste trådar, flettekant, oppheng
• Historikk, biletveven si utvikling i Noreg og Europa
• Nybyrjarar startar med prøvelapp
Lærar: Anne Grete Krogstad
Målgruppe for kurset:
Innføring i biletvev for nybyrjarar, men har du litt erfaring og treng oppfrisking av kunnskap, eller litt hjelp til å realisere eit prosjekt passer det også for deg.
Forkunnskaper:
• Ingen krav til forkunnskaper
Kursmateriell:
Deltakarane må ha med:
• Biletvevramme, gaffel, måleband, saks, butt stoppenål, søsternåler og skrivesaker
• Vevmateriale til prøvelapp får ein kjøpt av lærar
• Deltakarar må sjølve ta med garn og mønster dei ynskjer å veve. Har du handspunne «effektgarn» kan det gje fine effektar.
• Noko garn, for dei som ynskjer å eksperimentere, kan ein kjøpe av kurslærar
Avmeldingsinformasjon for kurs og opphald/matpakker:
Påmelding er bindande. Dersom du ikkje kan delta på kurset du har meldt deg på, er det viktig at du sender skriftleg avmelding til post(alfakrøll)raulandsakademiet.no, så snart du veit du ikkje kan delta.
Du betalar eit depositum à kr. 950.- ved påmelding til kurs. Angrefrist er 14 dagar med refusjon av depositumet. Etter dette vil ikkje depositumet bli attendebetalt ved avbestilling.
Avmelding til kurset 30 dagar eller mindre, før kursstart, må heile kursavgifta, og bestilt opphald med fullpensjon eller matpakker bli betalt. Det gjeld uansett grunn, også sjukdom.
Dersom Raulandsakademiet må avlyse eit kurs er ikkje dette gjeldande.
Generell informasjon:
Det er ikkje tillate med hund i kursvekene.
Eigne prisar for overnatting og matpakker når det er kurs.
Påmelding før 1.mars til sommarkurs gjev 10 % rabatt.
Påmelding før 1.juni til haustkurs gjev 10 % rabatt.