Hege Iren Aasdal og Samson Øvstebø har i mange år jobba med fleire typer tradisjonelle korger i prosjekt gjennom Norsk Handverksinstitutt, og Hege har hatt eit treårig stipendiat for Handverksinstituttet der ho fordjupa seg spesielt i korger i splitta materiale.
Mål:
I Noreg har det tradisjonelt vore laga mange forskjellige typer korger i splitta material.
Ein nokså spesiell og unik korg er knutekorga, eller sendingskorg med bøygd ramme.
Korga er bygd opp av 4 pinnar som dannar ei ramme. Denne ramma vert fylt med heiltre og flett av selje, hassel eller einer i sidene og botnen.
Dette er ei korg som er funne over store delar av landet og har ofte vore brukt som mellom anna sendingskorg og ullkorg. Dei er ofte måla eller rikt dekorerte med til dømes svidekor, og mengda flett varierer. Alle har ramme av bøygd treverk og fyllingar i heiltre og flett.
Spesielle krav: Ingen forkunnsk er naudsynt
Program:
Under kurset vil me gå i gjennom:
Mandag: Introduksjon og oppstart.
Tirsdag: Me spikkar ramma til knutekorga
Onsdag: Me set saman ramma og set den til tørk
Torsdag: Me lagar handtak og lærer å splitte materiale til flett
Fredag: Me set inn fyllingar i korga og set inn handtak
Lørdag: Me splittar materiale og fletter
Søndag: Avslutning og oppsummering.
Lærare: Hege Iren Aasdal (epost: hege(a)kurvmaker.no) og Samson Øvstebø (epost: samsooe(a)online.no).
Hege Iren Aasdal har svennebrev som korgmaker og har i 2020 - 2023 vore stipendiat for Norsk Håndverksinstitutt. Ho er stolt over å kunne vidareføre eit gamalt handverk, og er engasjert i å lære meir om handverket, materiala og dei lokale tradisjonane. Som stipendiat jobba ho spesielt med fletta korger i splitta materiale og gler seg over det store mangfaldet av korger som har vore laga opp i gjennom tidene!
Samson Øvstebø har laga kiper og halde på med trearbeid i over 25 år fHan har halde utallige kurs. Han har vore rettleiar for Hege i stipendiatarbeidet og har samarbeida med ho i fleire prosjekt i regi av Norsk Handverksinstitutt med å gjenskape tradisjonelle korger som vedmeis, aktarkorg og snik. Han har arbeidd mest i brakje (einer) men jobbar no med mange treslag og har mykje erfaring med deling og fletting med forskjellige tresortar. Han har også jobba med å lage taug av lindebast og vidareformidla den kunnskapen.
.
Kursmateriell - IKKJE INKLUDERT I KURSPRISEN:
Ta med ein liten kniv/tollekniv (me har også kniver for salg og utlån) og ei greinsaks/hagesaks.
Forkle eller klede/handkle og arbeidsklede.
Materialpakke kostar 500kr og betalast til lærar.
Arbeidsform: Gruppeundervisning og individuell rettleiing.
Vi gjer merksam på:
Gjennom Studieforbundet kultur og tradisjon er dette kurset dekt av Kopinoravtalen, som tillet kopiering frå bøker og trykksaker til undervisningsføremål. Me reknar med at deltakar følgjer sikkerhetsinstruksar frå kursarrangør og kurslærar. Kursdeltakar er ikkje dekt av forsikring frå arrangør.
Avmeldingsinformasjon:
Påmeldinga er bindande. Dersom du ikkje kan møte på eit kurs du har meldt deg på, er det viktig at du melder frå skriftleg (e-post eller brev) så fort som mogleg.
Ein betalar eit depositum på kr 950.- ved påmelding av eit kurs. Innbetalt depositum blir ikkje refundert fram til fire veker (28 dagar) før kursstart. Ved avmelding seinare enn 28 dagar før kursstart må heile kursavgifta betalast. Dette gjeld også om det er sjukdom eller andre årsaker.
Ein kan bytte kurs innanfor sama år, men kan ikkje skuve påmeldinga til neste år.