Vi tilbyr målarkurs på Nutheim. Har du lyst til å fordjupe deg i kunstens verden? Unn deg fem dagar med fokus på deg sjølv, og finn din eigen stil og utrykksform! Kurset har felles undervisning i teori og ei lita oppvarmingsoppgåve på morgonen.
Deretter brukar vi resten av dagen til å måle med veiledning frå erfarne mentorar.
Historia:
Nutheim er «Kunstnarhotellet i Telemark». Namnet har det fått fordi så mange kunstnarar har funni vegen hit. Fyrst på slutten av 1800-talet med den nasjonalromantiske bølgja. Då ville kunstnarane innover i Telemark for å måle “det opprinnelege”. Seinare på 30-talet vart Nutheim populær hjå mange av kunstarane som var med å utsmykka Rådhuset i Oslo; dei var her fast om sommarane for å måle haugar med landskapsmåleri dei kunne tjene nokre slantar på. I over 60 år har Kunstarhotellet Nutheim husa elevane på målarkurset Erlend Grøstad grunnla i 1961. Målarkurset var det første i sitt salg og har hatt fleire tusen profesjonelle og amatørmålarar innom.
Kurset i dag byggjer på den same visjonen som Erlend Grøstad hadde:
"Det jeg vil med undervisningen, er å lære elevene å utdype og utrvikle deres visuelle evne i kunstnerisk retning. På den måten skal de finne verdier som kan glede dem selv og andre". - Erlend Grøstad, 1998
Teorien
Deltakarane får grundig innføring i form- og fargeteori, komposisjon, perspektiv og motiv. Undervisninga er lagt opp slik at teorien blir forklara med kjende måleri frå kunsthistoria. Dette gjer at det er lett å følgje med sjølv om det er lengje sidan ein har sitti på skulebenken.
Igjennom eksempla for også elevane god kjennskap til ulike stilepoker i kunsthistoria, og ulike måtar å tenkje omkring kva som er “god kunst”.
Individuell hjelp frå erfarne kurshaldarar og mentorar
Kursa på Nutheim passar for alle nivåer. Dei passar for deg som vil lære frå botn av og for deg som har erfaring, men treng litt fagleg påfyll og motivasjon. Kurset passar også for deg som treng ro og inspirasjon til å gjera det du likar.
Vi kombinerar individuell oppfølging og felles undervisning i måling av ulike motiv som landskap, skog, bygningar, portrett eller stilleben. Alle deltakarane får individuellt tilpassa undervisning. På den måten får alle deltakarane noko ut av kurset uansett forkunnskaper eller nivå. Likevel er det ein fordel om deltakaren har prøvd å teikne/måle litt før ein melder seg på kurset.
Om kurshaldarane
Kjersti Grøstad er utdanna tekstilkunstnar ved Kunstakademiet. Ho har ein mastergrad i kunstundervisning og mer enn 40 års erfaring med kunstundervisning. Ho er dotter av kunstaren Terje Grøstad som er kjend for sine tresnitt og kjyrkjekunst.
Ellen Grøstad Barstad er skulpturkunstnar utdanna ved Statens håndverk- og kunstindustriskole og Kunstakademiet. Ho er dotter av kunstaren og grunnleggjaren av Målarskulen på Nutheim, Erlend Grøstad.
Praktisk informasjon
Kurset går over fem dagar inkludert ankomst- og avreisedagen og har omlag 40 timar med undervisning og praksis med mentorhjelp.
Undervisninga skjer i Undervisningsatelieret og ute i naturen og tunet på Nutheim.
Ein av kveldane har vi utflukt til eit muesum eller galleri i nærområdet som har ei relevant utstilling oppe. Evt. inngang på utstilling kjem i tillegg til kursavgifta.
Området på Nutheim har gamle hus, og det er desverre ikkje lett å koma seg rundt i rullestol. Ta kontakt på førehand dersom du har behov for tilrettelegging.
Kursdeltakarane kan ta med eigne målesaker eller ein kan handle alt frå staffeli, lerret, skissebok, akryl- og oljemåling, penslar, blyantar og anna kunstmateriell i vårt utsal for kunstmateriell.
Pris på kurset
Kursavgift: kr 7.500,-
Kurspakke inkludert kursavgift, kost og losji: frå kr 12.000
Kurspakka inkluderar overnatting i gjestgiveriet, eitt av dei unike bura eller på rom i den gamle Prestegarden. Kursavgifta inkluderer også frokost, lunsj og middag.
Frukosten er tradisjonell med heimbaka brød, kokt egg, tradisjonelt norsk pålegg med ulike ostar og litt kjøttpåleg og heimlaga syltetøy.
To av dagane får kursdeltakarane tapastallerken til lunsj. Dei andre dagane lagar kursdeltakrane matpakke frå frokostbuffeen.
Det vert servera fire rettars heimlaga middag laga av lokale råvarer og fire rettarsmiddag kvar kveld. Vinpakke er ikkje inkludert i prisen.
Uttalelse fra fornøyd kursdeltaker:
"Eg fekk betre teknikk etter målarkurset på Nutheim. Men måltida, utsikten og roen eg fekk med opphaldet var vel så viktig."
Tidlegare kursdeltakar
"Jeg har vært med på mer enn tyve kurs på Nutheim. Hver gang lærer jeg noe nytt fordi jeg får tilbakemeldinger tilpasset det nivået jeg er på."
Tidlegare kursdeltakar
"Eg har vore på målarkurs før. Det eg merkte med målarkurset på Nutheim er at det er naudsynt å stå i det landskapet ein skal måle om kjensla av landskapet skal kome med i måleriet."
Tidlegare kursdeltakar