Me tilbyr kurs i kalligrafi. Kurset gjev innføring i kalligrafi. Me tek for oss ulike skrifttyper inna den vestlege skrivekunsten. Det vert lagt mest vekt på italic (renessansekursiv): ei skrifttype som passar godt til invitasjonar, helsingar og liknande.
Innhald:
I tillegg blir det undervist i layout og skrifthistorie. På kurset trenar me på skrifttyper og bokstavformer og arbeider med enkle prosjekt der du brukar bokstavar og skrift (kort, enkel bokbinding o.l). Dersom du har noko kunnskap om faget frå før, kan du arbeide med eigne prosjekt eller få rettleiing på det nivået du er på. Du får kjøpt material på kurset, men ta med det du har av kalligrafipennar, pennesplittar, blekk og vassfarge. Materialkostnad: ca 300 - 400 kr. Kurset skal gje deltakarane ei innføring i kalligrafi. For dei som kan litt skal kurset gje påfyll, og høve til å koma eit steg vidare med kalligrafi.
Lærar: Borghild Telnes
Målgruppe for kurset:
Alle som ynskjer kurs i kalligrafi
Forkunnskaper:
Kurset høver for nybyrjarar og dei som har prøva litt
Kursmateriell - IKKJE INKLUDERT I KURSPRISEN:
Utstyr du kan kjøpe på kurset:
Materialpakke som innheld 1 penneskaft, 3 pennesplittar i ulike bredder, blekk, kompendium, papir du brukar på kurset kostar kr 400. Betalast direkte til lærar.
Anna du kan ta med dersom du har:
Vinkellinjal, rett linjal, anna kalligrafiutstyr, teikneutstyr og maleutstyr ( t.d. fargeblyantar, akvarellfargar, gouachefargar / dekkfargar)
Me gjer merksam på:
Gjennom Studieforbundet kultur og tradisjon er dette kurset dekt av Kopinoravtalen, som tillet kopiering frå bøker og trykksaker til undervisningsføremål. Me reknar med at deltakar følgjer sikkerhetsinstruksar frå kursarrangør og kurslærar. Kursdeltakar er ikkje dekt av forsikring frå arrangør.
Avmeldingsinformasjon:
Påmeldinga er bindande. Dersom du ikkje kan møte på eit kurs du har meldt deg på, er det viktig at du melder frå skriftleg (e-post eller brev) så fort som mogeleg.
Ein betalar eit depositum på kr 950 ved påmelding av eit kurs. Innbetalt depositum blir ikkje refundert fram til fire veker (28 dagar) før kursstart. Ved avmelding seinare enn 28 dagar før kursstart må heile kursavgifta betalast. Dette gjeld også om det er sjukdom eller andre årsaker.
Ein kan bytte kurs innanfor sama år, men kan ikkje skuve påmeldinga til neste år.