Idrettsfag tilbyr idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet på alle nivå. Du kan velje toppidrett og satse på idretten din, eller velje breiddeidrett og eit meir allsidig aktivitetstilbod. Samstundes får du generell studiekompetanse.
Første året:
På Vg1 jobbar vi med å komme i gong med gode rutinar i treninga og skulegongen. Du får vere med på fleire turar, der du blir godt kjend med dei andre elevane og lærarane dine.
På Vg1 må du ta to ulike fagval. Du må velje mellom topp- eller breiddeidrett, og mellom matematikk P eller T.
Den praktiske undervisninga fokuserer på meistring, for at du skal lukkast i å lære nye idrettar og teknikkar. Elevane på Vg1 har ei treningsøkt kvar morgon, før den teoretiske undervisninga startar.
Andre året:
Også i Vg2 er det fleire turar, mellom anna i Spania, Frankrike eller Tyskland - alt etter kva språk du har undervisning i.
Kajakktur Nordhordland 3 dagar september
Språktur (Spania, Frankrike, Tyskland) 4 dagar oktober
Myrkdalen 2 dagar januar
Fjellski Finse 3 dagar april
Tredje året:
Det blir fleire turar, mellom anna treningsleir på Club La Santa på Lanzarote.
Fottur i høgfjellet 3 dagar september
Club La Santa - Lanzarote 7 dagar desember
Snøhòletur 3 dagar mars
Fjerde året:
Elevar som er på høgt nivå i idretten sin kan søkje om å ta vidaregåande opplæring på 4 år. Dette gir meir tid til trening, og gjer at prestasjonene både på og utanfor idrettsarenaen kan bli betre.