HMS i landbruket - internettkurs via Teams



Sted: Nettkurs / Nettstudie
Hele landet
Type:Nettkurs og nettstudie
Undervisningstid: kl. 19.00-22.00.
Varighet: 3 timer
Pris: fra 2.000

HMS i landbruket er kurs i HMS for leiar og andre i landbruksnæringa. Kurset er ein kombinasjon av undervisning med kurshaldar og e-læring med avsluttande ettertest. Kurset blir halde av HMS-rådgivar frå Norsk Landbruksrådgiving.

Gjennomført kurs oppfyller kravet § 3-5 i Arbeidsmiljølova for HMS-opplæring som også er vist til i KSL.

HMS-arbeid handlar om å førebygge og avdekke risiko, samt hindre alvorlege konsekvensar. Alle i verksemda må delta aktivt og involverast i dette arbeidet. Leiaren har ansvaret for at verksemda utfører internkontroll. At nokon følger opp, også når noko går gale, er kvalitetsarbeid i praksis. HMS-arbeid skal sikre godt arbeidsmiljø, auke sikkerheita i arbeidet, førebygge helseskadar og verne miljøet mot forureining.

Kurset er berekna til 10 timar. Del 1 er tre timar undervisning, enten ved fysisk oppmøte eller Teams, del 2 er e-læring. Fullført kurs gir kompetansebevis.

Gjennom e-læringa får du også eit verktøy for å lage din eigen beredskapsplakat tilpassa din gard.

Kurset omhandlar viktige tema i landbruket som:

Motivasjon
Lovverk
Vernerunde
Traktor og maskin
Brann og elektrisk
Risikovurdering
Husdyr
Dokumentasjon
Arbeidsgivaransvar
Helse og velferd
Beredskap
Andre næringar knytt til garden