Me tilbyr kurs i gyllenlær. Målsettinga er at kurset skal gje deltakarane grunnleggande innføring i kunsten å skape gyllenlær. Gyllenlær vert mellom anna nytta til bokbind, mapper, vesker, lommebøker, smykke og bokmerke. På kister, skrin, peispustarar og etui. Gyllenlær er garva skinn.
Innhald:
"Kunsten å lage gyllenlær stammer opprinnelig fra Orienten. Det være seg Det fjerne Østen, som Japan og Kina, eller Det nære Østen, som Persia, Mesopotamia, Syria, Arabia og Egypt. Det var maurerne som førte kunsten med seg over til Europa, etter at de erobret Spania i år 711 e. Kr"(Sitat fra boka Gyllenlær- fornemt kunsthåndverk med lange tradisjoner skrevet av Lars Kåre Hunnes)
Gyllenlær vert mellom anna nytta til bokbind, mapper, vesker, lommebøker, smykke og bokmerke. På kister, skrin, peispustarar og etui. Til sko, messehakel, ikon, krakkar og stolar. Som tapet, dekor i nisjer i vegg, og på skåp og dynnar, og til dømes ramma inn som bilete. Gyllenlær er garva skinn der ein arbeider inn eit mønster som vert ståande i relieff. Skinnstykket vert dekt med bladmetall og måla med oljefargar på ein måte som tek vare på gløden i metallet.
Lærar: Inger Torill Solheimdal. Epost: isolhei(a)me.com
Målgruppe for kurset:
Alle som ønsker kurs i gyllenlær, både nybegynnere og viderekomne.
Spesielle krav:
• Eit ynskje om å lære dette kunsthåndverket
Arbeidsform:
Det blir fellesundervisning, demonstrasjon, mykje praktisk arbeid, individuell hjelp og rettleiing.
Studiemateriell - IKKJE INKLUDERT I KURSPRISEN:
Kurshalder har med det du treng for å gjennomføre kurset.
Materialpakke kostar fra 400 kr., avhengig av kva du vil lage. Det er ikkje lagt inn i kursprisen. Du betalar direkte til lærar.
I materialpakka til 400 kr får du (ikkje inkludert i kursprisen):
teiknefolie
2 skinnbitar ca 20x20 cm, passeleg til å lime på ei fin skissebok, lage eit bilete, eller noko anna.
Politur til eit arbeid, gelantin til det andre. Dette fordi det gjer same nytta, ein må prøve kva ein likar best.
Gullgrunn
Gull (ikkje ekte) og/eller aluminium, valfritt, kanskje ein av kvar.
Ferniss, som vert brukt på det uekte gullet for at det ikkje skal irre.
Tradisjonelle oljefargar til måling.
Pris på material aukar hvis du vil ha fleire/større skinn å arbeide med, og/eller hvis du vil bruke ekte gull på arbeida.
Kurshaldar tar med kulejern, og pregejern og diverse utstyr.
Ta med:
Har du ein del utstyr sjølv, du kan bruke til framstilling av gyllenlær er det flott. Rembrantfargar, musematte, linjalar, forkle, måleskjorte, penslar til måling, eit mønster du gjerne vil bruke til gyllenlær. Små glas til måling
Me gjer merksam på:
• Gjennom Studieforbundet -kultur og tradisjon er dette kurset dekt av Kopinoravtala, som tillet kopiering frå bøker og trykksaker til undervisningsføremål.
• Vi reknar med at deltakar følgjer sikkerhetsinstruksar frå kursarrangør og kurslærar. Kursdeltakar er ikkje dekt av forsikring frå arrangør.
Sjå bilete av gyllenler på Norges Gyllenlærlaug si facebookside.
https://www.facebook.com/search/top/?q=norges%20gyllenl%C3%A6rlaug
Sjå innslag I Noreg rundt: https://tv.nrk.no/serie/norge-rundt#t=14m32s
Avmeldingsinformasjon for kurs og opphald/matpakker:
Påmelding er bindande. Dersom du ikkje kan delta på kurset du har meldt deg på, er det viktig at du sender skriftleg avmelding til post(alfakrøll)raulandsakademiet.no, så snart du veit du ikkje kan delta.
Du betalar eit depositum à kr. 950.- ved påmelding til kurs. Angrefrist er 14 dagar med refusjon av depositumet. Etter dette vil ikkje depositumet bli attendebetalt ved avbestilling.
Avmelding til kurset 30 dagar eller mindre, før kursstart, må heile kursavgifta, og bestilt opphald med fullpensjon eller matpakker bli betalt. Det gjeld uansett grunn, også sjukdom.
Dersom Raulandsakademiet må avlyse eit kurs er ikkje dette gjeldande.
Generell informasjon:
Det er ikkje tillate med hund i kursvekene.
Eigne prisar for overnatting og matpakker når det er kurs.
Påmelding før 1.mars til sommarkurs gjev 10 % rabatt.
Påmelding før 1.juni til haustkurs gjev 10 % rabatt.