Førstehjelpskurs - bedriftsinternt



Sted: Ågotnes brannstasjon ev. i kundens lokalar
          Hordaland, Fjell
Kursadresse: Tranesvegen 5, 5363 Ågotnes (kart)
Type:Bedriftsinternt / Større grupper
Undervisningstid: Ta kontakt for avtale
Pris: Avtales

Øygarden brann og redning kan tilby kurs innan førstehjelp. Opplæringa kan bli tilpassa ut i frå dei behov og ønskjer som oppdragsgjevar har. Vi er konkurransedyktige på pris og våre instruktørar har høg kompetanse.

Førstehjelp:
Sjansen er stor for at du før eller sidan kjem til å oppleva plutseleg sjukdom eller skade på person i din umiddelbare nærleik. Det kan vere ein kollega som fell ned frå eit stillas eller eit barn som ramlar i vatnet under leik. Med riktig utstyr og kompetanse kan du vere med å redda vedkomande.

Vårt kurs i førstehjelp omfattar:
• Vurdering av sjuke og skadde - varsling av 113
• Pasienten reagerar ikkje: sikring av luftvegar
• Pasienten puster ikkje normalt - HLR-teknikk
• Framandlekamar
• Akutte hjartesjukdomar
• Undersøking av ein skadd
• Tiltak ved trafikkulukke
• Førstehjelp ved blodtap
• Førstehjelp ved daglege hendingar: forbrenning, sår, brudd, ytre blødning.

Etter endt kurs skal deltakarane føle seg trygge og kunne ta initiativ til å gripa inn i situasjonar det det krevjast førstehjelp.

Målgruppe for kurset

Bedrifter