Fagre Stryn er eit begrep som ikkje har oppstått utan grunn. Naturen i Stryn er mektig, vakker og kontrastrik. Dette er ein fotoworkshop der nettopp dette landskapet står i fokus - med Oppstryn som utgangspunkt. For naturfotografen er dette eit eldorado
Utallige prospektkort viser dette landskapet, men vi skal på denne workshopen prøve å fange det på vår måte. Vi skal fange lyset, stemninga, det dramatiske, dei små detaljane. Vi skal på vår kreative måte jobbe mot å skape noko meir enn berre det vakre prospektkortet.
Der er mange spennande turalternativ i området både i sjølve Oppstryn og i Stryn ellers. Kvar dag reiser vi ut på tur for å fange nye motiv. Så hovudaktiviteten desse dagane er fotograferinga, men vi må også sette av litt tid til å laste inn og redigere dagens fangst. Og så har vi bildegjennomgang der vi diskuterar og lærer av det vi har gjort. I denne prosessen ser vi på kva som fungerar og kva som kunne vore gjort betre. Det fine no i vår digitale kvardag er at vi kan prøve ut alternative utsnitt og justeringar der og då i staden for å berre prate om det. Dette er ein lærerik måte å gjennomgå bileta på.
Med tanke på å sikre seg overnattingsplass i området er det viktig å bestille så raskt som råd er for det blir fort fullbooka i turistsesongen.
Sjå komplett informasjon om denne workshopen her: http://www.fotograf-skaare.no/fagrestryn-fotoworkshop-natur/